Hopp til innhold

Vil betre køyreforholda mellom Ulstein og Ørsta

Ekteparet Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth er glade for at Statens vegvesen har gitt signal på at dei vil gjere noko med køyreforholda mellom Ørsta og Ulstein.

Glatte vintervegar

Glatte vintervegar på Fylkesveg 653 mellom Garnes og Furene. Her med Haddal i front. No kan det skje ei betring på dette strekket mellom Ulstein og Ørsta.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Mange stader kan køyreforholda endre seg rundt neste sving.

Det skjedde bokstaveleg talt for ekteparet Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth i fjor vinter.

Dei fekk ein bil i front då føraren i den andre bilen mista kontrollen på køyretøyet.

Det skjedde i eit svært ulykkesutsett område på Fylkesveg 653 mellom Garnes i Ulstein og Furene i Ørsta.

Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth

Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

– Vi var på veg til Molde denne dagen då det small. Eg skulle på eit møte og Åshild skulle besøke familie. Det var ganske tidleg på morgonen då vi reiste. Eg trur det var rundt klokka 09.00. Rett før Garneskrysset kom det ein bil rett imot oss. Det skjedde så raskt at vi ikkje rakk å reagere, og eg hugsar berre at eg tenkte etterpå: Eg er i live, fortel Magne Bergseth til NRK.

Les også:

Skilting midt i svingen

Etter trafikkulykka som førte til operasjon for Åshild, og sjukemeldingar og helseplager for dei begge, har dei vore svært opptekne av å betre forholda på dette vegstrekket der det skjer mange trafikkulykker kvart år. Begge trur mange ulykker på norske vegar kunne vore unngått ved enkle tiltak. Både ved at førarane sjølve tek større ansvar, og at skilting, fartsgrense og vegdekke er tilpassa på best muleg måte. Det var det ikkje då ulykka skjedde, meiner ekteparet.

– Den bilen som vi fekk i fronten kom ifrå Ulsteinvik. Heilt til Garneskrysset køyrde bilen på våt og bar veg. Men brått endrar køyreforholda seg veldig raskt. Med ein gong bilen passerer krysset er det rett inn på usalta veg. Det skjer midt i ein sving. Og merkeleg nok får ein beskjed om dette først når ein har kome inni svingen der skiltet om slutt på salta veg står. Då er det ofte for seint om ein ikkje er klar over dei endra køyreforholda, seier Magne Bergseth.

Glatte vintervegar

Gjennom svingen kjem overgangen frå salta veg til vinterveg brått på mange.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Stor auke i trafikken

Vegen mellom Garnes og Furene er ikkje salta trass i ein stor trafikkauke siste åra på grunn av Eiksundsambandet. Og det er Magne og Åshild Bergseth sikre på var årsaka til ulykka dei hamna i 8. februar i fjor.

– Det krysset er ei skikkeleg felle. Eg tykkjer det er rart at ikkje Statens vegvesen og dei som styrer har sett dette før, seier Åshild Bergseth.

No kan det likevel skje endringar på strekket. Og ikkje berre frå Garnes til Eiksund. Men heile Eiksundsambandet kan få salta vegar frå vinteren 2012 om Statens vegvesen går inn for det i den nye driftskontrakten. Det betyr at ein kanskje får køyre Søre Sunnmøre rundt på same vegdekke om to år. Til glede for nokon, og til frustrasjon for vegsalt-motstandarar.

– Vi skal vurdere om vi skal salte denne fylkesvegen. Vi er midt inne i den prosessen no. Det er mange ting vi skal ta hensyn til her og vi skal ta opp dette med dei kommunane det gjeld, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Ivar Hol.

– Vi ser at det kanskje kan vere lurt å salte Eiksundsambandet for å få ein viss samanheng. Nemleg at dei som køyrer frå for eksempel Hareid til Volda får køyre på ein type veg heile strekket, legg han til.

Ivar Hol

Seksjonssjef i Statens vegvesen, Ivar Hol.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les også:

– Noko vert gjort

For etter at ekteparet Bergseth sendte brev til Statens vegvesen i mars i fjor, fekk dei endeleg eit gledeleg svar. Vegvesenet vil nemleg vurdere å sette ned fartsgrensa frå 80 til 60 kilometer i timen på strekket, bytte og flytte ut skiltet om slutt på salta veg og gi vegen ny asfalt frå neste år. Dette er strakstiltak for å betre køyreforholda.

– Når ein køyrer ut av ei saltrode så set vi opp skilt om slutt på salta veg. Dette for at trafikkantane skal verte førebudde på andre køyreforhold. Vi ser av og til at vi ikkje har vore systematisk flinke nok til å gjere det, seier Hol.

Slutt på salta veg

Dette skiltet vert sannsynlegvis flytta frå svingen og bytta ut for å gjere folk meir merksame på dei endra køyreforholda ved Garneskrysset i Ulstein.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Oppfordrar om å tilpasse seg føret

Og medan ein ventar er det ikkje anna å gjere enn å køyre forsiktig på norske vintervegar.

Det gjer i alle fall ekteparet Magne Bergseth og Åshild Havåg Bergseth som køyrer kvar dag frå heimstaden i Eiksund og mot krysset på Garnes før dei kjem over på fylkesveg 61 mot Ulsteinvik.

– Om eg ser ein bil kome mot meg er eg ekstra observant. Eg set alltid ned farta for å vere på den sikre sida, påpeikar Magne Bergseth.

– Det er berre synd at ein ikkje kan vere trygg på at dei som kjem imot gjer det same, seier Åshild Havåg Bergseth.

Ivar Hol meiner kvar enkelt førar har eit stort ansvar i å tilpasse seg dei vegforholda som er, uansett om vegen er salta eller ikkje.

– Undersøkingar viser at vi er for lite flinke til å tilpasse oss køyreforholda. Det er noko alle kan verte betre på, seier han.

Høyr saka under: