NRK Meny
Normal

Vil behandle Schlatters på idrettsungdom

Er du mellom 11 og 15 år og er svært plaga med Schlatters, vil idrettslege Torbjørn Måseide i Ulsteinvik ha kontakt med deg. Han meiner at ved å bruke ei skinne kan behandlingstida reduserast til berre 6–8 veker.

Torbjørn Måseide

Pensjonert overlege og idrettslege, Torbjørn Måseide, har ståltru på ein ny måte å behandle Schlatters på. Kneskaden for ungdomar mellom 11–15 år gjer at mange er meir eller mindre ute av spel i lange periodar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Måseide har saman med lege Karsten Melø ved Ulstein legesenter arbeidd ei god stund med ein ny måte å behandle Schlatters på. Forskingsarbeidet prøver ein metode der dei låser kneet med ei skinne på dagtid i 6–8 veker. Den normale måten å behandle dette på har vore gjennom redusert fysisk aktivitet og smertestillande til plagene vert borte, fortel Måseide.

Ramlar ut av kameratflokken

– Dei fleste vert friske frå Schlatters utan anna behandling, men er då plaga i 1–2 år før dei er tilbake i vanleg fysisk aktivitet og i løpet av denne perioden har dei kanskje ramla ut av kameratflokken, seier den pensjonerte idrettslegen.

Skinne

Ei skinne av ein slik type, av merket Genu Direxa Stable vil ifølge Torbjørn Måseide kunne avgrense behandlingstida av Schlatter stil 6–8 veker.

Så langt har Måseide og Melø behandla fleire pasientar med skinne. Ungdomane er kontrollerte ein, tre og seks månader etter ferdig behandling.

Til ei kvar tid er det rundt 50–60 ungdomar som er plaga av Schlatters i området på søre Sunnmøre, seier Måseide til NRK. No ønskjer han kontakt med fleire slik at dei får ein grundigare dokumentasjon på behandlingsmåten.

Førebels resultat viser at behandlinga med ei skinne som reduserer beveglegheita i kneet på dagtid er ein enkel og effektiv behandling av Schlatters.

Måseide seier det er ønskeleg med undersøkingar der ein startar behandlinga i ein tidleg fase av Schlattersplagene.

Han meiner det kan vere grunnlag for å revurdere dei generelle retningslinjene for behandling av Schlatters som følgje av det dei har funne ut gjennom dette prosjektet.

Var ute i eitt år

Johannes Sundgot (18) spelar på Hødd sitt andrelag i 4. divisjon fotball. Han er fast inventar på laget, men det var ein periode då han gjerne skulle sett at han hadde hatt ein betre behandlingsmetode på Schlatters tilgjengeleg.

Johannes Sundgot

Johannes Sundgot i godt driv for Hødd2 i 4. divisjon i fotball. For 3–4 år sidan var han ute av spel i ein heil sesong på grunn av Schlatters.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg var veldig plaga med Schlatters då eg var yngre, og spelte veldig lite fotball då det var som verst.

Eg hugsar at eg sleit med å gå opp trappa om morgonen før skulen starta. Eg var plaga i lang tid, prøvde masse forskjellig behandling og det vart mange turar til kiropraktor.

Til saman var eg ute ein heil sesong då eg var 14–15 år gammal, seier Sundgot. Han fekk beskjed av legen om å ta det med ro til smertene gav seg

Har levd med det i mange år

Vilde Sundal, Hødd

Vilde Sundal er fast på Hødd sitt 3.-divisjonslag i fotball, men var plaga med Schlatters då ho var yngre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også Vilde Sundal (17) har hatt smerter på grunn av Schlatters i lange periodar. Ho er no fast på A-laget til Hødd i 3. divisjon.

– Eg har vel hatt Schlatters sidan eg var 11–12 år gammal. Eg har aldri gjort noko særleg med det og har levd med det.

Eg har hatt det på begge knea og er ikkje heilt kvitt det enno på det eine kneet. Det einaste eg har gjort for å dempe smertene er å smørje på ein krem som skal dempe betennelse.