Vil behalde Setnesmoen

Leiinga i Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11, er kritisk til forslaget om å legge ned heimevernsavdelingar i fylket. Forsvarssjefen har gitt fagmilitære råd til forsvarsministeren, og vil mellom anna legge ned HV 11 på Setnesmoen i Rauma. Heimevernsdistriktet peikar på at det er ti timar køyreavstand frå nord til sør i distriktet, og ber om at HV 11 blir oppretthalde.

HV-11 Setnesmoen i Rauma
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK