Hopp til innhold

Vil behalde Kristiansund sykehus

Senterpartiet kjem til å gå til val på å behalde sjukehuset i Kristiansund, skriv avisa Tidens Krav. – Senterpartiet støttar ikkje fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Det riktige ville vere å byggje eit nytt sjukehus i Molde og halde fram med eit fullverdig sjukehus i Kristiansund, skriv helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, i ein e-post til fjerdekandidat for Senterpartiet Henrik Stensønes, ifølgje Tidens Krav.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL