Hopp til innhold

Vil avluse Vestlandet

Mattilsynet organiserer ein kampanje for å få bukt med lakselusa i oppdrettsanlegga på Vestlandet.

Lakselus på villaks
Foto: Kjartan Trana / NRK

Lusa smittar over til villaksen og sjøauren, noko Mattilsynet ønskjer å få kontroll på.

Det siste året er det registrert meir lakselus enn vanleg på villfisken.

- Vi har fått meldingar om at særleg sjøauren har mykje lus no, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Rune T. Knutzen.

Smittar frå oppdrettsanlegga

Det er registrert meir lus enn vanleg, og mykje tidlegare enn vanleg. Det er dårleg nytt for villaksen og sjøauren. Men no tek Mattilsynet ansvar. Dei startar no ein kampanje for å avluse oppdrettsanlegga på Vestlandet.

- Det fungerer slik at lakselusa på oppdrettsfisken smittar over på smolten som er på veg ut frå elvane, og inn i beltet langs kysten der oppdrettsanlegga ligg, forklarer Knutzen.

- Får dei for mykje lus på seg så døyr smolten.

Storstilt kampanje

Det har vore gjort fleire forsøk tidlegare på å avluse oppdrettsfisken, med meir eller mindre hell. Men dette er første gong Mattilsynet går så organisert til verks. Det startar i Rogaland i desember, og følger kysten nordover til Møre og Romsdal ut på nyåret. Og ingen oppdrettsanlegg slepp unna.

- Det er lagt opp slik at alle oppdrettsanlegga får eit brev med varsel om vedtak. Dette er dei pålagt å følge opp. I ettertid skal vi evaluere kampanjen i dette området og sjå det opp mot andre område som ikkje driv med same type kampanje, for å sjå om det har hatt positiv effekt.