Hopp til innhold

Vil avhøyre mora på nytt etter bortføringssaka i Molde

Politiet seier tysdag kveld at dei vil ha fleire samtalar med mor til guten i Molde som har vore sakna sidan måndag kveld. Tysdag kveld blei han funnen i god form.

Leteaksjon i Molde sentrum

Guten som har vore sakna dei siste dagane, er funnen i god form.

Foto: Gunnar Sandvik

Politiet er tysdag kveld svært tilbakehaldne med informasjon rundt guten, som blei funnen i god form tidlegare på kvelden. Mora til guten har tidlegare vore inne til avhøy, og politimeister Arnstein Nilssen seier tysdag kveld at dei no ønskjer fleire avhøyr.

Vi har hatt fleire samtalar med mor, og det har vore ei viktig brikke for oss. Vi ønskjer no å ha fleire samtalar med henne, seier Nilssen. Han vil ikkje opplyse kvar ho er, men seier ho ikkje sit i avhøyr tysdag kveld.

Seier guten er i god form

Politimeister Arnstein Nilssen vil ikkje stadfeste kvar guten er, heller ikkje om han er i landet, men seier han er i god behald. Tysdag morgon sa han til NRK at han frykta at guten var ført ut av landet.

Arnstein Nilssen

Politimeister Arnstein Nilssen vil ikkje stadfeste kvar guten er, men seier han har det bra.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det gjenstår no ei stor etterforsking for å finne ut om det har skjedd noko straffbart, og kven som eventuelt har vore med på det, seier han.

– Er guten i landet?

– Eg ønskjer ikkje å uttale meg om det.

Les også:

150 menneske har leita

Guten forsvann måndag kveld, og rundt 150 personar har leitt etter han. Alle norske politidistrikt og internasjonalt politi blei natt til tysdag varsla, etter at politiet frykta at guten var kidnappa. Kripos blei også kopla inn.

Tidlegare tysdag opplyste politiet i Molde at dei sat på eit videoopptak som viste at ein mann førte den sju år gamle guten ut av Molde Bowling, der han sist blei sett.

Pressetalsmann Alf Stormo sa tysdag at det truleg er snakk om ei barnebortføring, og at faren ikkje er hovudmistenkt i saka.

– Mange ubesvarte spørsmål

Ifølgje Nilssen veit politiet ikkje kvar faren til guten er.

Det er svært mange ubesvarte spørsmål i denne saka, dersom eg skal uttale meg blir det mykje gjetting, seier Nilssen.

Han seier det ikkje blir kalla inn til nokon pressekonferanse tysdag kveld, og at det først blir gitt ut meir informasjon onsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL