Viktigast med samferdsel

Småkommunane Sande og Hareid kan verte ein del av ein storkommune på Søre Sunnmøre med mektige naboar som Ulstein og Herøy, men for dei er samferdsel langt viktigare enn kommunegrenser.

Hareid og Sande meiner samferdsel og fastlandsprosjekt er viktigare enn kommunegrenser.

Sande-ordførar, Dag Vaagen (H) med øyriket bak seg. Øyar han vil knyte til resten av kommunen.

Både Hareid og Sande er krystallklare på kva som er den viktigaste saka i åra som kjem, nemleg fastlandssamband. For Hareid handlar det om HAFAST, som vil knyte både Hareid og dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre saman med Sula og resten av Sunnmøre.

For Sande handlar det om å få fastlandssamband til øyane Kvamsøya, Voksa/Sandsøya. I tillegg Rovdefjordprosjektet som vil knyte Sande saman med Vanylven og vidare sørover.

HAFAST viktig

Anders Riise, ordførar i Hareid

Anders Riise, ordførar i Hareid. I bakgrunnen ser vi området der HAFAST eventuelt skal kome.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også Hareid-ordførar Anders Riise H) meiner HAFAST er langt viktigare enn kvar kommunegrensene går i framtida.

- I vårt område vil det å få ein ferjefri E39 i tillegg til Rovdefjordbrua og Kystvegen så er det viktigare. Samtidig så gir samferdselsbiten den naturlege konsekvensen at vi må sjå endå vidare på kommunegrensene.

Kva så med Ørsta og Volda i denne samanhengen ?

- Eg er ikkje nokon motstandar av å få med Ørsta og Volda i ein storkommune, men no køyrer dei sitt eige løp, og eg synest ikkje vi då skal tvinge oss på der, seier Riise.

Vil ha prosjekt

Dag Vaagen, ordførar i Sande

Dag Vaagen er ordførar i Sande.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også Sande-ordførar, Dag Vaagen (H) meiner folk er langt meir opptekne av om desse samferdselsprosjekta kjem eller om dei er ein del av ein storkommune eller ikkje.

- Det er dette som betyr alt, både i forhold til busetnad og næringsutvikling i framtida.

Også i forhold til Vanylven vil det vere viktig at Rovdefjordprosjektet kjem på plass. Då vil nok Vanylven vere ein naturleg del av storkommunen på Søre Sunnmøre.