NRK Meny
Normal

Viktig med MOT

Den landsomfattande MOT-kampanjen var i Vanylven i går, i Ulsteinvik i dag. Ein fullsett hovudsal på Sjøborg kulturhus samla elevar frå 7.-10.klasse i Ulstein kommune.

MOT-gjengen i Ulstein

MOT-gjengen i Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

På scena fekk dei møte ungdomar med MOT frå 9. og 10.klasse. I tillegg var det fleire lokale artistar på scena og seinare på dagen vart det avvikla eit motivasjonskurs i regi av organisasjonen MOT.

Målgruppe for dette var i følgje MOT kommune- og skuleleiing, kommunetilsette, skulepersonale, trenarar, frivillige organisasjonsleiarar, foreldre, lokale næringslivsleiarar og andre.

Men på scena på Sjøborg var det fullt trøkk i over ein time med lokale heltar som til dømes Chris Masters, kjend frå "Då KORK kom til bygda".

Engasjert ungdom

To av ungdomane som har meldt seg på MOT-programmet er 10.klassingen Synne Stokkevåg Berg og 9.klassingen Frida Grønmyr Jonberg. Begge framhevar kor viktig det er å vere aktiv på ungdomsskulen og å engasjere seg i dei viktige spørsmåla.

Synne Stokkevåg Berg om MOT

Synne Stokkevåg Berg er ein av ungdomane med MOT. Foto/redigering: ARNE FLATIN

– MOT handlar ikkje berre om å ha MOT til å seie nei til narkotika og rus, men også om å ha MOT til å gjere ting du kanskje ikkje torer i utgangspunktet, som til dømes å stå på ei scene, seier Jonberg.

Frida Grønmyr Jonberg om MOT

Frida Grønmyr Jonberg om MOT. Foto/redigering:ARNE FLATIN

Rådmannen i Ulstein, Einar Vik Arset er MOT-leiar i Ulstein og deltok på arrangementet torsdag.

Livsglade ungdomar med MOT ved Ulstein ungdomsskule

Livsglade ungdomar med MOT ved Ulstein ungdomsskule. Fremst på bildet, Elling Våge.

Foto: Arne Flatin / NRK