NRK Meny
Normal

Viktig kontrakt for Kongsberg Maritime

Kongsberg Evotec i Ulsteinvik har fått kontrakt på levering av gangveg til Olympic Subsea. Dette kan på sikt føre til fleire arbeidsplassar.

Jon Olav Kopperstad viser fram modellen av "Walk-to-work"

Jon Olav Kopperstad viser fram modellen av "Walk-to-work"-systemet.

Foto: Victoria Røren / NRK

Gangbruløysinga som vert kalla "Walk-to-work" skal gi ein sikker og energieffektiv transport av personell og utstyr mellom fartøy og offshore vindturbinar. Kongsberg Maritime lanserte konseptet i august 2016, og no kom den første kontrakten.

– Kontrakten betyr veldig mykje, det var det gjennombrotet vi trengde på det arbeidet vi lanserte i 2016. Det er veldig gledeleg, seier salssjef Jon Olav Kopperstad.

Steinar Aabelvik

Dagleg leiar Steinar Aabelvik er imponert over kreativiteten og omstillingsevna som er i det maritime miljøet på Sunnmøre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fleire arbeidsplassar på sikt

Den nye kontrakten mellom Kongsberg Maritime og Olympic, på leveranse av gangbru, vil ifølgje dagleg leiar Steinar Aabelvik på sikt skape fleire arbeidsplassar i firmaet.

.– Vi har jobba med utvikling av dette konseptet i lang tid så kortsiktig blir det ikkje så store endringar bemanningsmessig, men vi reknar med at når vi kjem litt lenger i prosessen kjem vi til å auke bemanninga som følgje av dette.

Marknaden er positiv

Det har vore spennande for Kongsberg Evotec å vere først ute med eit slikt konsept, men Kopperstad er overbevist om at det er ein god marknad for det.

Jon Olav Kopperstad

Salssjef Jon Olav Kopperstad er positiv til marknaden.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi veit at marknaden har vore veldig positiv til det. Utan tvil inneber det ein risiko å vere først ute, men no når vi har fått den første kontrakten er vi trygge på at fleire kundar vil kome å spørje etter det same.

Omstillingsdyktige

Som mange andre bedrifter har også Kongsberg Evotec merka den utfordrande marknadssituasjonen, men Aabelvik ser resultat av omstillingsprosessen dei er i gang med.

– Vi ser resultat av den omstillinga vi har starta på, og håper på å lykkast med fleire konsept saman med Kongsberg Maritime, det er nøkkelen for vår suksess framover, seier Aabelvik.

Kongsberg Evotec Ulsteinvik

Kongsberg Evotec med ny kontrakt.

Foto: Arne Flatin / NRK