Viktig kamp for Molde

Søndag tek Molde FK i mot Haugesund på heimebane på Aker Stadion. Kampen blir avgjerande for kva plass Molde hamnar på tabellen i årets sesong. – Vi har tatt mykje poeng, men det er no det blir avgjort, seier MFK-spelar Magnus Wolff Eikrem. Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær seier kampen sett tonen for kva laget kan få ut av sesongen til slutt. – Med siger søndag så heng vi framleis med Brann på tabellen, seier han.

Bronse, sølv eller ingen medalje? For Molde Fotballklubb er helgas møte med Haugesund på heimebane avgjerande. Sjølv om Molde skårar mest av alle lag, er det endå meir å hente her.