Hopp til innhold

– Det var forferdeleg å sjå den eine etter den andre forsvinne

Familien til Helene Borøchstein Bjørbak frå Kristiansund opplevde andre verdskrig på nært hald. Ho meiner det er viktig at vi ikkje gløymer det som har skjedd.

Vinduene ved straffecellene.

Bestefaren og onklane til Helene Borøchstein Bjørbak vart sendt til Berg interneringsleir i Tønsberg under krigen.

Foto: Mathilde Torsøe / NRK

27. januar kvart år blir Den internasjonale Holocaustdagen markert verda over for å minnast folkemordet på jødar før og under andre verdskrig.

På denne dagen i januar 1945, blei fangane ved konsentrasjonsleirane i Auschwitz og Birkenau frigjort av sovjetiske soldatar.

Vart frakta til Berg interneringsleir

Familien til Helene Borøchstein Bjørbak i Kristiansund fekk oppleve nazistane på nært hald.

Helene-Borøchstein-Bjørbak

Mora til Helene Borøchstein Bjørbak mista mange familiemedlem under andre verdskrig.

Foto: Roar Halten / NRk

Bestefaren Josef Michael Borøchstein kom til Noreg i 1905 og etablerte seg i Kristiansund saman med ein bror og ei søster. Dei blei sendt til Auschwitz under krigen, der dei seinare døde, medan Josef blei internert på Berg interneringsleir i Tønsberg.

– Han vart sendt dit ettersom han var gift med ei norsk kvinne. Der sat han i to og eit halvt år før han blei redda i siste liten 2. mai 1945, og frakta til Sverige saman med 50–55 andre gifte menn som sat der då, fortel Bjørbak.

Der sat også brørne til Bjørbak si mor ei periode.

– Dei skulle til å gå om bord i skipet til Donau, men blei tatt ut av køen fordi nokon kunne bevise at dei hadde ei såkalla arisk mor, seier Bjørbak.

Ei dramatisk tid

Kristiansund er den byen i Møre og Romsdal som i tida før andre verdskrig hadde flest innbyggarar av jødisk opphav. Det var også Noregs fjerde største jødiske busetjing, med eigen synagoge, rabbinar og kvinneforeining.

 Auschwitz

Delar av familien til Bjørbak blei sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz under andre verdskrig.

Foto: Scanpix

Jødane representerte ei gruppe menneske som flykta frå forfølging, tortur og fattigdom i sine opphavlege heimland som Russland, Polen, Latvia og Litauen.

Mora til Bjørbak, som var halvt jødisk, blei vitne til at nære slektningar vart deponert frå heimane sine i Kristiansund.

– Ho var 15 år når krigen braut ut, og 17 når familien og kjenningar blei deponert. Ho opplevde det som ei grufull og angstfull periode. Det var heilt forferdeleg å sjå at den eine etter den andre forsvann, medan ho sjølv levde i uvissa, seier Bjørbak.

– Det var nok ei dramatisk tid i livet til ei ung jente med opplevingar som du ber med deg heile livet, held ho fram.

Intens glede og stor sorg

Når krigen endeleg var over sat mora til Bjørbak i Kristiansund og venta på livsteikn frå resten av familien.

Snublesteiner

Det er slike plakettar som skal bli lagt ned i Kristiansund.

Foto: Martin Mortensen

– Etter kvart gjekk det opp for dei at dei aldri kom til å sjå slektningane sine igjen. Ho hadde ei intens glede over at faren kom tilbake i live, men ho sat også igjen med ei stor sorg og eit sakn for dei som ikkje kom tilbake, seier Bjørbak.

Ho meiner det er viktig at vi markerer slike dagar som i dag, og at vi ikkje gløymer det som skjedde under krigen. No er ho ein del av eit europeisk prosjekt som skal plassere messingplakettar på sentrale stadar.

– Det vil bli langt ned små plakettar utanfor hus eller forretningsbygg der jødar som blei deportert har budd. Dette er for å minne oss på at dei har vore ein del av dagleglivet og av samfunnet. Det blir lagt ned i juni i år, seier Bjørbak.