NRK Meny
Normal

– Innovasjon kjem ofte som eit resultat av kriser

Det er viktig at ein industri under press lærer av historia, seier leiaren i bransjeorganisasjonen Norsk Industri, Odd Tore Finnøy.

Odd Tore Finnøy

Leiaren i bransjeorganisasjonen Norsk Industri, Odd Tore Finnøy, meiner det er viktig at ulike bransjar kan samarbeide for å tenke nytt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Under verftskonferansen i Ålesund i går viste Finnøy til historia om motorfabrikkane i Møre og Romsdal som i mange tiår produserte semidieselmotorar.

– Semidieselæraen oppstod veldig brått i 1902 og blei avslutta like brått i 1965. Det var ei kjempestor omstilling for bedriftene det gjeldt, det var nesten som ein skrudde av lyset i ein bransje, seier han.

Finnøy meiner dette er eit eksempel på korleis kriser kan føre til innovasjon.

– Nokre greidde det ikkje, men mange klarte seg ved å finne nye produkt og moglegheiter, samtidig som dei greidde å utnytte dei moglegheitene som var der, seier han.

Må tenke nytt i kriser

Finnøy trur kriser og omstillingar tvingar mange bedrifter til å måtte tenke nytt.

– Det er som ordtaket seier: naud lærer naken kvinne å spinne. Du har ikkje tid til å tenke nytt når det er gode tider, då jobbar du berre med det du har. I vanskelegare tider må du tenke nytt og du blir også inspirert til å gjere nettopp det, seier han.

Finnøy meiner også at eit samarbeid mellom ulike aktørar er viktig i ei tid der fleire næringar er ramma av nedgang og vanskelege tider.

– Og gjer du det saman med andre, så kan du få det til raskare, seier han.

Samarbeid blir viktig

Også næringsminister Monica Mæland deltok også på den nasjonale verftskonferansen i Ålesund i går. Ho meiner bedriftene bør samarbeide om å skape det ho kallar sløydsalar for å utvikle nye idear og teknologi.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland meiner bedriftene i større grad bør samarbeide med kvarandre.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Dei fleste bedriftene i Noreg er små eller mellomstore og det ville ikkje vere fornuftig at kvar enkelte brukte pengar på å bygge sine eigne testrom. Men det er derimot veldig fornuftig at fleire bedrifter går saman om å gjere det, seier Mæland.

For Finnøy, som også er dagleg leiar i Brunvoll AS i Molde, er samarbeid ein stor del av kvardagen.

– Vi har etablert ein slik sløydsal i Molde som er ein innovasjonslab der bedrifter frå forskjellige bransjar og industriar kan samarbeide i lag. For oss er det ei føresetnad. Det er vanskeleg å skulle greie dette dersom ein berre konsentrerer seg om ein bransje, seier han.