Det var forrykande scener då skipet heiv seg rundt i dei høge bølgjene på Hustadvika. Bord, stolar og pynteplantar blei kasta mellom styrbord og babord. Takplater ramla ned på turistane i salongen. Skipet var berre hundre meter frå næraste grunne.
Sjølv etter å ha vore gjennom ei av dei mest dramatiske hendingane i liva sine, er passasjerane som har kome i land i Molde fulle av lovord overfor redningstenesta i Noreg.
– Dei arbeidde hardt. Dei kunne jo ta berre om lag 20 passasjerar i helikopteret kvar gong. Og der var over 1300 om bord. Eg vil takke og gje ros til desse folka, seier Hui Boon Tan.
Den dramatiske videoen blei publisert av ein passasjer som ventar på evakuering. (Alexus Sheppard/Twitter)
Kom for nordlyset – møtte folket
Han har blitt heist i tynn line i helikopter frå det havarerte skipet i ope hav. Noko av det første han gjer er å rose redningsmannskapa.
– Dei var der for oss, og dei fekk oss til å føle oss velkomne. Der var medisinsk personell som tok seg godt av oss.
Han seier han har fått sjå ei ny side av Noreg på denne dramatiske turen.
– Det gjer så sterkt inntrykk at Noreg er så stort i utstrekning men har få folk. Likevel klarer Noreg å hjelpe oss på ein slik framifrå måte. Det er ein fantastisk innsats og eg vil takke, seier Hui Boon Tan.
– Eg fekk ikkje sjå nordlyset. Men eg har fått sjå folket her. Takk skal de ha, legg han til.
– Dei visste kva dei skulle gjere
I Storgata i Molde vandrar ekteparet Ruth og David Mcentyre. Også for dei fekk ferien eit heilt anna innhald enn dei tenkte. Likevel rosar dei både reiarlaget og redningsmannskapa.
– Eg trur det gjekk så fint på grunn av mannskapet. Viking er eit godt cruiseselskap. Dei øver og øver for denne typen hendingar. Mannskapet visste akkurat kva dei skulle gjere.
Ruth fortel om den gode opplevinga det var då ho var blitt heist heilt opp til helikopteret og blei teken imot av mannskapet der høgt oppe i lufta.
– Helikopterpilotane er fantastiske. Dei drog oss opp, og store armar tok tak i oss og sa «velkomen om bord».
Ekteparet Ruth og David var to av passasjerane på Viking Sky. De skryt av mannskapet om bord og kystvakta for innsatsen i redningsarbeidet.
– Folka var fantastiske
Ekteparet Mike og Denise Tozer frå London seier dei framleis er i sjokk etter den dramatiske hendinga. Denise har sår og småskadar over heile kroppen.
– Såra kjem til å bli lækte. Men folka som hjelpte oss var fantastiske, seier ho.
Mike er raskt frampå med å skryte av bergingsmannskapa.
– Dei var utruleg fantastiske. Dei har hjelpt oss og sett etter at vi har det bra. De må vere stolte over å vere norske. Alle har støtta oss og har gjort alt som har vore mogleg for oss. Vi er berre så takknemlege.
Ekteparet Mike og Denise Tozer frå London er i sjokk etter den dramatiske hendinga om bord på Viking Sky. Men dei er svært takksame for hjelpa dei fekk.
– Ikkje vanskeleg å vere stolt i dag
Også beredskapsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde kom til kaia i Molde for å helse på både redningsfolk, frivillige, mannskap og passasjerar.
Beredskapsminister Ingvild Smines Tybring-Gjedde.
Foto: NRK– Det har vore eit døgn med ein krevjande og alvorleg situasjon. Det enda godt. Det er takka vere Hovudredningssentralen saman med kommunane, fylkeskommunen, sivile og offisielle redningsfolk.
Beredskapsministeren har merka seg at alle passasjerane som har vore intervjua berre har hatt lovord om redningsaksjonen.
– Det er ikkje vanskeleg å vere stolt i dag. Vi har ein fantastisk redningsberedskap i Noreg. Beredskapen fungerer når det verkeleg gjeld. Dugnadsånda har fungert, seier ministeren.
– Alle var profesjonelle
Susan og Allan Dullberg frå San Fransico la igjen både pass og andre papir om bord på skipet. Dei fortel også om møblar og gjenstandar som blei kasta frå side til side. Dører slamra og det blei hektisk då alarmen gjekk.
– Vi er glade for at vi var blant dei første som fekk kome oss vekk frå skipet. Mannskapet, dei norske redningsfolka og heile aksjonen har vore framifrå. Dei er fantastiske folk. Den norske gjestfriheita kan ikkje samanliknast med noko anna. Takk skal de ha, seier Susan Dullberg.
– Alle vi har møtt har vore så profesjonelle. Dei har ei ro og dei smiler. Ein brannmann fortalde meg at mange arbeider frivillig. Dei frivillige arbeidde så flott. Saumlaust, seier Mike.
– Frivillig innsats ser ut til å virke berre flott. Eg kan ikkje få rost dei som har gjort ein innsats nok, seier Susan.
Susan og Allan Dullberg rosar den norske redningsaksjonen.
Til stor jubel kom Viking Sky til kai i Molde søndag ettermiddag.