Skulen får ein million kroner, og skal dei to neste åra inspirere andre til å bli betre på opplæring, kreativitet og nyskaping.
Rektor Turid Støbakk Lillebø er glad for pengane, og gler seg til å kunne hjelpe og inspirere andre skular.
Berre seks i landet
Berre seks av skulane i landet får bli demonstrasjonsskular, så det er litt av ein konkurranse Vigra skule har vunne fram i. Det er ein jury nedsett av Utdanningsdirektoratet som har tatt avgjerda.
Rektor Turid Støbakk Lillebø jublar for millionen dei no får i hendene.
Demonstrasjonsskulane skal dei neste to åra inspirere andre skular til å bli betre på opplæring. kreativitet og nyskaping. Her har Vigra skule lenge lege langt framme.