Vidarefører deler av forskrifta

Tysdag 18. mai har kommunane Ålesund, Sula og Giske valt å vidareføre delar av den lokale forskrifta fram til midnatt tysdag 25. mai. Treningssenter, aktivitetsparkar, badeland, kulturhus og kino får opne igjen. For studentar betyr endringa at dei kan nytte campus fullt ut. Det blir tillate med arrangement igjen, men med redusert tal på folk som kan delta i forhold til den nasjonale covid-19 forskrifta. Det blir framleis påbod om heimekontor, skjenkestopp av alkohol og påbod om munnbind.

– Det har vore ein del organiserte samlingar kring 17. mai, og vi vel difor å forlenge delar av forskrifta. Det er viktig å halde kontrollen no og sjå konsekvensane av langhelga med 17. mai feiring, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Politiet i Møre og Romsdal melde om samanstimlingar av yngre menneske i helga, og det er grunn til bekymring dersom dette utviklar seg til smitte:

– Politiet forstår at ungdommen har behov for å møtast, men det er grunn til bekymring etter helga. Ungdommar i alderen 15–18 år og russen har vore mykje samla, og vi ber no foreldre og føresette om å sjå til at ungdommen held seg til smittevernreglane, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim.