Hopp til innhold

Vidare etterforsking tysdag

Politiet held i dag fram etterforskinga etter at fire personar blei arresterte ulike stader i Ålesund måndag. To menn blei sende til sjukehuset med knivskadar etter det som skal ha vore ein trusselsituasjon med våpen i Skaregata, og to blei pågripne på Aspøya seinare på dagen. Politioverbetjent Sindre Ryssevik seier dei i dag skal ta stilling til varetektsfengsling av dei pågripne.

Politioverbetjent Sindre Ryssevik
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL