NRK Meny
Normal

Vi sender direkte frå folkeavstemminga

Siste nytt om folkeavstemminga på Sunnmøre får du i vår nett-sending torsdag 19. mai frå klokka 21.

Sjå nettsendinga om kommunesamanslåinga i Møre og Romsdal

Innbyggjarane i 13 kommunar på Sunnmøre skal seie kva dei meiner om kommunesamanslåing gjennom folkeavstemming. Den store spaninga ligg i om folket ynskjer å slå seg saman i store regionar eller om dei vil stå åleine.

Ni kommunar på nordre Sunnmøre kan bli ein del av ein storkommunen saman med Ålesund. På Søre Sunnmøre er Runde kommune eit alternativ, med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven. På indre Sunnmøre er Storfjord kommune med Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal eit av alternativa.

Frå klokka 21 torsdag gir NRK Møre og Romsdal deg resultata direkte i vår nett-sending. Vi er også til stades fleire stader og tar temperaturen blant folket. I tillegg til at vi har med fleire av ordførarane i sendinga, gir vi deg også analysar.

Programleiar er Bibbi Kjølås.