Dermed er det klart for ein stor dugnadsaksjon blant hønene våre. No skal det verpast før påskekjøleskåpa skal fyllast med egg.
– Sørgjer de på nokon måte for at hønene klemmer ekstra i før påske?
Eggprodusent Arne Helge Skaar seier det nyttar lite å legge press på hønene. Men det skal bli nok egg til alle i påska.
Foto: Markus Plementas / NRK– Nei, verpinga må nok gå føre seg på same måten som elles i året. Det er nok ikkje så veldig store forandringar, seier eggprodusent Arne Helge Skår til NRK.
– Det er ikkje slik at du gjer nokre avtalar med hønene om at dei skal vere ekstra flinke til påske?
– He, he, nei.... Hadde eg klart det hadde eg nok gjort det, skrattar Skår.
Kva står først og fremst på menyen din når det er påske? Er det noko du ikkje kan klare deg utan? Skriv gjerne om det i kommentarfeltet under artikkelen.
– Skulle ønskje dei produserte meir
Vi er i eit hønsehus på Vatne i Møre og Romsdal. Blant kaklande høner, og transportband der egg blir sorterte, gjer eggprodusent Arne Helge Skaar seg klar til å levere egg til påskesvoltne kundar.
– Eg skulle sjølvsagt ønskje at dei produserte endå meir. Spesielt i påska, medgjer Skår. Hønene mine produserer 7200 egg dagleg, seier han.
– Hønene veit ikkje at det er påske
Men dei som produserer egg har metodar som gjer at det skal vere passeleg med egg i butikkane, både før, under og etter påske. Og dette skal vere metodar som hønene eigentleg ikkje treng å bry seg med.
– Hønene veit jo ikkje at det er påske. Dei legg egg som normalt. Men som eggleverandørar er vi jo klar over at det er påske. Og i tillegg til påskebodskapen er jo dette ei egghøgtid. Dermed har vi lagt til rette slik at det skal vere nok egg til alle i påska,seier Nina Sundquist i Nortura.
Sjekk eggkvaliteten i påska
I samband med påska kan det vere lurt å sjekke kvaliteten på egga. For når det skal sendast egg i bøtter og spann ut på marknaden, er det ikkje berre vanlege kvalitetar i alle kjølediskane. Det skal trass alt ut dobbelt så mange egg som vanleg.
– Vi må bruke heile sortementet vårt på eggstorleikar og eggvariantar. Vi må bruke dei aller største egga og også dei minste egga. I gjennomsnitt er egga på 62 gram. Eg trur dei fleste kjem til å oppleve at dei får slike egg som dei ønskjer, seier Nina Sundqvist.