NRK Meny

Vi blir færre

Folketalet i Møre og Romsdal går mest ned av fylka i landet første kvartal, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Oppland og Telemark har også svak nedgang, men elles er det befolkningsvekst i fylka. Ved utgangen av første kvartal budde det 266 173 personar i Møre og Romsdal – 101 færre enn ved årsskiftet. Størst nedgang var det i Kristiansund med 48, Molde ned med 35, medan Ålesund hadde ein auke på 13 personar. Størst vekst i landkommunane var det i Giske med pluss 40 og Aukra med pluss 24, medan Stranda hadde størst nedgang med 33.