No slepp Vetle to eksamenar på same dag

Utdanningsdirektoratet har gjort heilomvending etter at Vetle Tronstad (19) og fleire av klassekameratane hans i vinter fekk melding om at dei måtte gjennomføre to eksamener på same dag, eller utsette vitnemålet til hausten.

Vetle Tronstad

– Å ta begge eksamenane same dag hadde vore praktisk umuleg, seier 19 år gamle Vetle Tronstad, som no er sjeleglad for at han kan ta eksamen på vanleg måte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I januar skreiv NRK om 19 år gamle Vetle Tronstad i Haram som stod i fare for å måtte gjennomføre to eksamenar på same dag.

Grunnen til dette var at Utdanningsdirektoratet la skriftleg eksamen i både norsk hovudmål og elektrofag på same dato.

Det passa dårleg for Vetle og fleire av avgangselevane ved Tekniske og Allmenne fag Elektro (TAF), ettersom dei har begge faga i sin studieplan.

– Praktisk umuleg

– Å ta begge eksamenane same dag hadde vore praktisk umuleg, seier 19-åringen, og får støtte frå sin rektor Jan Magne Helland som heller ikkje vil tilrå dette.

Engelsktime

Grunnen til eksamensklusset var at Utdanningsdirektoratet la skriftleg eksamen i både norsk hovudmål og elektrofag på same dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Alternativet til å ta begge eksamenane på same dag hadde vore å utsetje den eine eksamenen til hausten, og dermed dryge alt som heiter vitnemål, studiekompetanse, og feriestemning.

– Dessutan hadde det vorte tett opptil fagprøva, noko som absolutt ikkje hadde vore optimalt, seier Tronstad.

No har Utdanningsdirektoratet snudd i saka.

– Heilt konge

Håvard Gardshol frå Møre og Romsdal fylkeskommune kan nemleg melde at Vetle og klassekameratane som er i same situasjon, får gjennomføre eksamen på to separate dagar før sommaren.

Vetle er svært letta når NRK ringjer han laurdag ettermiddag.

– Dette er heilt konge. Eg tykkjer det er veldig bra at Utdanningsdirektoratet let oss gjennomføre eksamen på vanleg måte. Det gjer alt mykje enklare for oss, seier han.

Dermed er det full gass i eksamensførebuingane framover, vel vitande om at god innsats på våren vil gi vitnemål og full ferie når juni kjem.

– Ja, det går unna. Det er mykje arbeid, men akkurat no er eg berre så glad for å kunne gjere meg ferdig at det går greitt, seier Vetle.