Hopp til innhold

Veteranen: – Ni poeng kan vere nok

Daniel Berg Hestad blir rosa opp i skyene etter storspel mot Stuttgart. Etter 2-0-sigeren på heimebane er Molde-veteranen optimist. Han trur avansement i Europaligaen er innan rekkjevidd.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad imponerte både supporterar, trenar og norsk og tysk presse. No trur han på avansement.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Det er ei spennande gruppe, og ei jamn gruppe. Marginane er små, men vi kan både ta poeng borte og gå vidare.

Slik konkluderte Daniel Berg Hestad etter ein svært sterk heimesiger mot det tyske storlaget Stuttgart.

I første Europaligakamp blei det eit surt bortetap 2–1 for København.

Torsdag kveld blei det derimot 2-0-siger mot Stuttgart. Jo Inge Berget og Daniel Chima Chukwu stod for scoringane.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad har det med å imponere i «store» kampar. Før kampen mot Stuttgart torsdag, spurte han manager Solskjær spesifikt om speletid.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Kan vere nok med ni poeng

– Ein utruleg herleg siger. Det er artig for oss og det er artig for norsk fotball.

– Vi viser at Noreg ikkje er så dårlege som folk skal ha det til, sa Berg Hestad til NRK.no etter kampslutt.

Steaua Bucuresti leiar Molde si gruppe (Gruppe E, det er i alt 12 grupper). Dei har fire poeng, medan Molde og København har tre poeng. Stuttgart har eitt poeng.

– Om de vinn heimekampane (Steaua Bucuresti 8. november, København 22. november, journ. merkn.) og tek eitt poeng borte, så har de 10. Det bør kanskje halde?

– Ja, og det kan vere nok med ni poeng òg. Vi er sterke på heimebane og har trua – også på bortebane, slår Berg Hestad fast.

Saka held fram under i bildet.

Gruppe E i Europligaen etter to kampar

Molde ligg greitt an i gruppe E etter to spelte kampar.

Foto: Skjermdump / NRK

Ole Gunnar Solskjær

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær var fornøgd etter 2–0 mot Stuttgart. Likevel ser han mykje forbetringspotensial.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Vi har enda meir å gå på

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær var éin av mange som gav Berg Hestad skryt. Halvt på spøk og halvt på alvor lanserte Solskjær i tillegg veteranen som ein mann for Drillo.

– Hehe, nei, det er min type kamp dette, humra Berg Hestad – etter skryt og landslagsprat.

– Men eg likar å vere litt underdog, og ligge litt bakpå. Då kjem eg litt fram. Eg sa til han (Solskjær, journ. merkn.) at eg ville spele denne kampen. Og eg fekk viljen min, gliste veteranen.

Solskjær sjølv var fornøgd med både siger og laget – i tillegg til Berg Hestad.

– Men vi har enda meir å gå på, og det er kjekt. For vi vinn 2–0 mot eit godt Bundesligalag på ein dag der ikkje alle spelar opp mot sitt beste, sa Solskjær.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL