Vestlandsbryggeriet har heldt på sidan midten av 90-talet, og satsa friskt på å bli bryggerifavoritten til sunnmøringane.
I tillegg til vanleg pils-produksjon kom bryggeriet med lokale ølvariantar brygga på gamalt vis
Men no er det slutt.
Kampen om kundane var i realiteten tapt då styresmaktene sette ned avgiftene på boksøl - for Vestlandsbryggeriet hadde ikkje økonomi til å å få tappa brygget sitt på boks i staden for glasflasker.
I neste veke blir det klart kva som skaø skje vidare med brygge-utstyret som Vestlandsbryggeriet har.
Og styreformann Per Huse reknar det som sikkert at nokon vil starte opp ny drift i dei same lokala.