Hopp til innhold

Vestbase med millionsatsing i Averøy

Sjølv om mange av dei store selskapa i oljenæringa no kuttar kostnadar, vel Vestbase i Averøy å byggje ut for fleire hundre millionar kroner.

Vestbase Averøy

Steinen i forgrunnen er nettopp sprengt ut av fjellet ved oljesørvisbasen på Averøya.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Vi ynskjer meir plass til å utvikle oss vidare her på Averøya. I dag har vi i underkant av hundre mål, men vi har ein plan om å i alle fall doble det arealet, seier Terje Kvisvik, eigedomssjef.

Og i går starta arbeidet. Då blei 85 tonn krut fyrt av for å utvide området. Vestbase i Averøy skal i dei komande åra byggje ut for mange hundre millionar kroner.

Steinen som blei sprengt ut skal nyttast i offshorebransjen.

– Vi sel mesteparten av steinen til den bransjen. Der blir det nytta som underlag for olje- og gassleidningar på havbotnen og til å dekke over røyrleidningane etter at dei blir lagt ned, seier Jan Egil Nordgård. Han er dagleg leiar hjå Gunnar Holt, som er dei som har ansvaret for steinjobben.

Satsar for framtida

Jan Egil Nordgård

Jan Egil Nordgård viser kor stort området på Vestbase Averøy skal bli.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

No jobbar dei hardt for å få lasta ut steinen og knuse den så fort som mogleg, slik at ein kan kome i gong med arbeidet. Om lag nitti mål skal vere klart til fyrste oktober, så det er framleis mykje arbeid igjen.

– I haust vil området i hovudsak vere nyttast til lagring av rør. Slik vil det vere om lag i eitt år, seier Kvisvik.

I framtida skal det byggast opp til å kunne takle større prosjekt. For sjølv om dei store aktørane i oljebransjen no melder kutt og innstrammingar så satsast det på Averøya.

Kvisvik har tru på eit auka behov for vedlikehald på dei installasjonane i nærleiken også i framtida.

– Vi har tru på framtida, og vedlikehald av utstyr er noko av det som må til. Vi har behov for å utvikle oss og treng difor meir areal for å løyse nye oppgåver i tida som kjem.

Gode føresetnader

Saman med systerbedrifta CCB, har dei starta firmaet Mid-Nor Yard Service som skal arbeide med blant anna vedlikehald av riggar og klassifiseringar. Kvisvik meiner Averøya er godt tilrettelagt for denne type arbeid.

– Geografisk sett ligg vi ideelt plassert. I tillegg har vi den nødvendige kompetansen, så eg trur dette vil bli kjempebra i framtida, seier han.

Sprenging Vestbase Averøy

Støvskyer etter sprenging ved basen på Averøya.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Allereie i 2017–2018 kan ein forvente dei fyrste riggane. Det skjer ting på Averøya.

– Etter kvart når vi er ferdige med å nytte arealet som røyrbase, har vi planer om å nytte området sjølv. Det skal framleis vere lagring av ting på området, men det vil også vere prosjektaktivitet og riggaktivitet.

I tillegg vil dei opne opp for at andre kan nytte seg av området.

– Samtidig vil vi også leggje til rette for at ein del av arealet kan seljast ut til andre som kan nytte det til andre typar næringsverksemd, seier Kvisvik.