NRK Meny
Normal

Utsetting av fylling får Vestbase til å reagere

– Utsetting av prosjektet vil føre til auka forureining, meiner direktøren.

Vestbase

Det vart full stopp for arbeidet med å mudre og fylle ut 35 mål i sjøen vest for Vikanholmen (nede t.h. i bildet). Vestbase meiner at det får store konsekvensar.

Foto: Harald M. Valderhaug

I august i år stoppa Fylkesmannen arbeidet med den omstridde utvidinga av Vestbase i Kristiansund. Naboar og Naturvernforbundet har protestert kraftig på utbygginga – og fekk no ønsket sitt oppfylt. Vestbase AS har no klaga på vedtaket.

Administrerande direktør i firmaet, Alf G. Dahl, reagerer kraftig og skriv i klagen til Fylkesmannen at utsetting av prosjektet vil føre til auka forureining av naturen.

«Både Vestbase og kundane våre vil få store utfordringar med mangel på areal. Det fører til ar vi må finne erstatningsareal utanfor vårt område. Det vil generere meir forflytting og ekstra transportbehov som gir auka forureining, krevjande drift og store kostnader», går det fram i klagen.

Må vente til nyttår på svar

Planen var i utgangspunktet å fylle opp 35 mål i sjøen vest for Vikanholmen. Dette blei godkjent i mars, og oppstartsdato var eigentleg 1. september. No kan det sjå ut som om Vestbase må vente til neste år før dei får svar på klagen.

Utvidinga av Vestbase har skapt store diskusjonar og motstridande meiningar. Naturvernforbundet har argumentert med at det ikkje er gjort nødvendige avrenningar som skal gjerast i forhold til dei retningslinjene som står i naturmangfaldlova.

– Ingen miljøpåverknad

Johan Fredrik Schmedling

Johan Fredrik Schmedling er nøgd med utfallet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Johan Fredrik Schmedling skriv i ein epost til NRK at hensikta med paragraf 10 i naturmangfaldlova er at heile økosystemet skal bli vurdert. Det meiner han ikkje er gjort.

«En påvirkning av et økosystem skal vurderes ut fra den samlede belastning som økosystemet er eller vil bli utsatt for», ifølge Lovdata.

I klagen frå Vestbase står det også at bedrifta har eit stort behov for nytt lagrings- og prosjektareal. Dei skriv også at Kristiansund kommune ønskjer at prosjektet blir gjennomført.

Vestbase står på sitt og seier at miljøet under havoverflata ikkje vil bli påverka.

COWI AS, som var rådgjevarar i samband med prosjektet, stiller seg undrande til at Fylkesmannen har trekt tilbake godkjenninga. Dei skriv til Vestbase at klagen frå Naturvernforbundet ikkje er relevant i forhold til tiltaket, og at fleire påstandar ikkje kan dokumenterast.