Vervarsel for laurdag
Det er meldt at vinden aukar til sørvest sterk kuling på kysten, i foremiddag minkar vinden til stiv kuling. Regnbyer, snøbyer over 400-600 meter. Utrygt for torever. Frå i ettermiddag sørleg frisk bris utsette stader, i kveld søraust liten kuling, sterk kuling i fjellet i indre strøk. Opphaldsver og periodar med sol, i ettermiddag etter kvart tilskyande.