Hopp til innhold

Vert integrerte i idrettslaga

Idrettslaga spelar ei avgjerande rolle for trivsel og integrering for asylsøkarbarn. LINK som har mottak mellom anna i Ulsteinvik og Volda har eit tett samarbeid med klubbane. For Bektur (11) og Ayan (8) er fotballaget ein enormt viktig del av kvardagen.

Asylbarn vert integrerte i idrettslag

Ayan (8) saman med Iselin ved asylmottaket i Ulstein. Foto/redigering: ARNE FLATIN

11 år gamle Bektur Usenalijev frå Kirgisistan har vore ved asylmottaket i snart seks år.

Bektur Usenalijev

Bektur Usenalijev (11) frå Usbekistan.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han spelar i dag fotball på Hødd sitt G11-lag. Det har han gjort sidan han gjekk i 1.klasse.

For Bektur er dette krydderet i kvardagen. Å få spele fotball saman med kameratar er avgjerande for trivsel og god integrering. Han snakkar for lengst flytande norsk og er stolt av å ha på seg den blå drakta.

Det same gjeld for 8 år gamle Ayan Adnan frå Somalia. Ho spelar også fotball i Hødd og trivst veldig godt i miljøet.

Ayan Adnan

Ayan Adnan (8) frå Somalia.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dreg med foreldra

Denne dagen er det idrettsdag i Ulsteinhallen for asylsøkarar i alle aldersgrupper frå Ulstein og Volda. Det at borna er med i idrettslaga gjer også at dei dreg med seg dei vaksne på dugnader og liknande. Dermed får dette ein ekstra positiv effekt på integreringsarbeidet. Det seier Iselin Eliassen Aske som har ansvar for informasjon og barne og ungdomsarbeid ved LINK sitt mottak i Ulsteinvik.

Iselin Eliassen Aske

Iselin Eliassen Aske ved LINK asylmottak.

Foto: Arne Flatin / NRK

Aske seier at faste aktivitetar gir borna eit godt nettverk.

– Aktivitetsdagen i Ulsteinhallen er eit døme på at dei ønskjer å gjere noko anna enn å informere teoretisk. Fysisk helse er noko dei er pålagde å informere om og då er det kjekkare å gjere dette i praksis.