Stranda kommune har 10 år på seg for å få orden på økonomien. Med ei lånegjeld på 890 millionar kroner er dei den kommunen i landet som er verst stilt.
Under Fylkesmannen sin årlege pressekonferanse i dag kom det fram at Møre og Romsdal er i toppen på Robeklista med åtte kommunar inne og fleire kan det bli. Verst er situasjonen i Stranda.
– I Stranda er det snakk om så store beløp at det vil ta tid å rydde opp, seier assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste.
Terra-skandalen
Ho brukar Terra-kommunane som målestokk. Men medan dei lånte pengar med tryggleik i framtidige kraftinntekter for å kjøpe kompliserte fond i USA, har Stranda sitt underskot bygt seg opp gjennom mange år.
– Det Terra-kommunane gjorde var ei eingongshending. Slik er det ikkje i Stranda, seier Brøste.
Alvorleg situasjon
Situasjonen er så alvorleg at fylkesmannen har møte med kommunaldepartementet. Dei forventar ei tett oppfølgjing. Stranda er allereie på Robek-lista og har dermed innskrenka handlefridom. Alle låneopptak og investeringar må godkjennast av staten.
LES OGSÅ:
Er det mogleg for Stranda å kome seg ut av uføret?
– Ja, det er det. Men det krev styringsfart og politisk mot til å ta vanskelege avgjerder.