NRK Meny
Normal

Verktøy for store verdiar er borte

Tjuvar har i løpet av natt til onsdag klipt opp hengelåsar og tatt seg inn i containerar på ein byggeplass i Ålesund. Verdiar for store summar er borte.

Container-innbrot Gullatoppen

To av containerane blei brotne opp natt til onsdag.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Verktøyet some er borte har stor verdi. Det er snakk om både betongsager, laserar, vinkelsliparar og spikarpistolar, i tillegg til fleire typar sager.

Per Åge Ferstad

Per Åge Ferstad er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Politiet

– Vi har ikkje oversikt over alt av verdiar enno, men våre folk er på staden og gjer sine undersøkingar, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.

Han seier dei no sjekkar både fotavtrykk og andre spor.

Fekk melding i dag tidleg

Tjuveriet har skjedd i løpet av natta. Ferstad seier det var arbeidarar som skulle bruke utstyret som oppdaga det som hadde skjedd.

– Vi fekk melding frå to forskjellige bedrifter som oppdaga dette då dei kom på jobb i dag, seier han.

Politet ser også på om det er ein samanheng mellom dette tjuveriet og fleire tjuveri i Ørskog og Spjelkavik dei siste dagane. Måndag blei det oppdaga tjuveri av motordelar frå omlag 40 dieselblilar hos Møre bruktbildelar i Ørskog.

– Det dreier seg om skadde bilar som er leverte inn til eit bilopphoggeri. Vihar sikra spor på staden, seier lensmann Renate Grande Skodje i Ørskog til NTB.

Politiet ønskjer tips i saka dersom nokon har sett eller veit noko.