NRK Meny
Normal

Vêrgudane sette ned foten for felles fyrverkeri

Så blir det altså ikkje noko av det som skulle bli ei stor familieoppleving for innbyggarane i Giske og Ålesund i kveld. Vêrgudane avgjorde saka.

Fyrverkeri i Karasjok

Mange er nok skuffa over at det festlege fyrverkeriet som var planlagt for innbyggarane i Ålesund og Giske ikkje blir noko av.

Foto: Kjell Harald Sæther

– Vi er frykteleg lei oss, men tar ingen sjanse på å sende opp fyrverkeri slik vêrforholda og prognosane no er, seier Trine Klemetsen i Bypatrioten til NRK.

Det store felles fyrverkeriet skulle vere eit spleiselag mellom Ålesund og Giske kommunar, DNB, Ålesundsregionens Havnevesen og Svea Fyrverkeri. Etter planen skulle fyrverkeriet starte klokka 20.00 i kveld.

Trine Klemetsen

Trine Klemetsen er skuffa og lei seg for at fyrverkeriet er avlyst.

Foto: Bypatrioten

Det heile skulle etter planen gå føre seg på Storneskaia på austsida av Ålesund,

Hadde trua, men det glapp

– Vi hadde stor tru på at dette skulle gå, men når det er kuling i kasta og usikre vêrmeldingar, blir risikoen for stor, seier Klemetsen.

Også pyroteknikarane som skulle stå for oppskytinga, har følgt utviklinga i vêret med argusaugo i heile dag.

– Det er ikkje forsvarleg å rigge til og skyte opp med dei meldingane som er no i ettermiddag. Vi er lei oss for det, men tryggleiken og det forsvarlege må alltid kome først, seier Roy Petter Normann i Svea Fireworks.

Rigginga av eit så stort fyrverkeri som det her var planar om kan ta timar, fortel Normann. Dersom dei skulle ha fyrt av det heile klokka 20 måtte dei ha starta rigginga kl. 14.

– Kunne blitt himla bra

Arrangørane har følgt utviklinga i vêret tett i heile føremiddag, og tidleg ettermiddag. Dei kunne berre slå fast at vindkasta auka etter kvart utover ettermiddagen.

Roy Petter Normann

Roy Petter Normann var klar for å rigge opp rakettshow då alt måtte avlysast i ettermiddag.

Foto: Svea Fyrverkeri

– Det kan hende det hadde blitt rolegare seinare i kveld, men vi måtte berre ta ei avgjerd. Det er veldig leitt for dette hadde blitt himla bra, men når heller ikkje meteorologane kunne trøyste, var det inga anna råd enn å avlyse, seier Roy Petter Normann.

Også Giske kommune og hamnevakta i Ålesund meiner arrangørane gjer rett i å avlyse fyrverkeriet slik verforholda ser ut til å bli utover kvelden.

Dei ustabile og vanskelege verforholda gjorde at Kristiansund kommune alt i går avlyste fyrverkeriet dei hadde planar om for byens befolkning i kveld.

Spleiselaget i Giske og Ålesund gir seg ikkje heilt med å skape fyrverkeri-glede for innbyggarane.

– Vi vurderer om det kan bli noko av det på nyåret i staden, lovar Trine Klemetsen i Bypatrioten.