Lyser ut stillingar på verft langs heile kysten

Etter nokre magre år på norske verft har det no snudd. Ordreboka er no på rundt 45 milliardar kroner og talet på tilsette aukar ved verft langs heile kysten.

Myklebust verft, oversiktsbilde anno mars 2019

Myklebust verft har no ombyggingsoppdrag, men vil på sikt også jakte på nybyggingsoppdrag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– I alle våre medlemsbedrifter er det ein auke i talet på tilsette det siste året. Ei rundspørjing blant medlemsverfta viser at ein jamt over søker etter fleire tilsette innan alle fag, seier adm.dir. Asle Strønen i bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.

Asle Strønen, Norske Skipsverft

Asle Strønen i Norske Skipsverft registrerer at ordreboka har auka med om lag 13 milliardar kroner det siste året.

Foto: Norske Skipsverft

I midten av mars 2019 har ordreboka ved norske skipsverft ein totalverdi på om lag 45 milliardar kroner, ein auke på rundt 13 milliardar kroner frå året før. Spennvidda er stor frå store og svært avanserte cruise-/ekspedisjonsskip til nullutsleppsferjer, brønnbåtar, fiskebåtar og nokre superkraftige arbeidsbåtar til havbruksnæringa.

– Det betyr at pilene peiker rett veg, at aktivitetsnivået ved verfta er aukande og at behovet for ytterlegare arbeidskraft er moderat stigande, seier Strønen.

God aktivitet i verftsfylka

Stein Veland, fylkesdirektør i NAV

Stein Veland er fylkesdirektør i NAV

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fylkesdirektør Stein Veland ved NAV Møre og Romsdal seier det er bra aktivitet ved fleire verft no.

– Det er mykje som talar for at maritim industri har ein god periode framfor seg. Vi trur sysselsettinga framleis vil ha gode vilkår innanfor desse næringane. Eg trur pilene peikar oppover, samla sett, i 2019 og inn i 2020, seier Veland.

Anne Kverneland Bogsnes

Anne Kverneland Bogsnes ser den same tendensen i Sogn og Fjordane og Hordaland, Ho er fylkesdirektør i NAV i desse to viktige fylka i maritim samanheng.

Foto: Frode Storvik

Fylkesdirektør for Sogn og Fjordane og Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, seier dei ser det same bildet som i Møre og Romsdal.

–Oppsummert går det veldig bra. Det er stor optimisme. Vi merkar at det er høg aktivitet for verftsindustrien langs kysten. Både store og mindre verft har kontraktar som gir god oppdragsmengd, seier ho.

Bogsnes seier dei har fleire døme på dette langs kysten.

–Sjølv om olje- og gassnæringa er viktig for aktiviteten i Hordaland, er det positivt å sjå at fleire av kontraktane til verfta er knytt opp mot andre segment som til dømes fiskeri, havvind, ferjer og hurtigbåtar, seier Kverneland Bogsnes.

Myklebust verft aukar talet på tilsette

Marita Myrvågnes, Myklebust verft

Marita Myrvågnes i samtale med ein representant for eigaren av det eine fartøyet som ligg ved kai. Ho stortrivst i sin nye jobb ved Myklebust verft.

Foto: Arne Flatin / NRK
Kathrine Holstad, Myklebust verft

Kathrine Holstad har lang erfaring frå Kleven, men arbeider no som rådgjevar ved Myklebust verft AS. Ho har god tru på at strategien som kombinasjonsverft vil vere gunstig i tida framover.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eit verft som ser framover er Myklebust verft i Sande i Møre og Romsdal. Myklebust verft, med 125 fast tilsette, har sidan i fjor haust lyst ut 15 ledige stillingar.

Marita Myrvågnes (32) er ein av dei som nyleg er tilsett i Myklebust, der ho jobbar både som prosjektleiar og assistent på ettermarknad.

– Arbeidsdagane er varierte. Eg er både på kontoret og ute på båtane som ligg ved kai. Eg starta jobben i januar, men har fått mykje ansvar på kort tid, seier Myrvågnes.

Kathrine Holstad som er rådgjevar i staben ved Myklebust skryt av den ferske medarbeidaren.

–Ho får stadig meir ansvar i jobben sin og får utvikla seg nærast frå dag til dag, seier Holstad, som kan rekne med å få 10-15 nytilsette kollegaer i løpet av 2019.

– Får verftet fleire nybyggingskontraktar vert det vurdert å auke talet på fast tilsette ytterlegare, seier Holstad.

Optimisme i næringa

Jan Thormodsæter, MAFOSS

Jan Thormodsæter i MAFOSS vil ikkje juble for høgt enno. Vi er på god veg, men nedgangen er ikkje heilt snudd, meiner han.

Foto: Arne Flatin / NRK

MAFOSS, Maritim foreining for Søre Sunnmøre, registrerer at fleire av medlemsbedriftene deira rustar seg for fleire oppdrag og nye kundegrupper, og at dette fører til utlysing av fleire stillingar.

–Dette betyr nok ikkje nødvendigvis at nedgangen er heilt snudd, men vi er i alle fall på god veg mot noko som vi ser kan verte svært positivt, seier dagleg leiar Jan Thormodsæter.

Fleire verft langs norskekysten har altså også auka i talet på tilsette i det siste. Ulstein Group til dømes har rundt 600 tilsette no og av desse har vel 130 kome til det siste året ved dei norske arbeidsplassane til konsernet.

Ulstein verft

Ulstein har auka bemanninga med 130 nye tilsette det siste året. Her frå dokkhallen på verftet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Satsar på lærlingar

Myklebust verft jobbar for å auke rekrutteringa. Difor søker dei også etter lærlingar innanfor fleire fag.

– Dette er ei langsiktig satsing å bygge sterke fagavdelingar og vise lokal ungdom for ein spennande og kjekk arbeidsplass verft er. Vi treng både dyktige fagarbeidarar og ingeniørar i framtida, seier Kathrine Holstad.

Myklebust Verft, vimplar

Myklebust Verft er i vekst etter skilsmissa frå Kleven.

Foto: Arne Flatin / NRK