Hopp til innhold

Vêrfaste på hytte grunna mykje snø

Ein gjeng på fire sit vêrfast på Aursjøhytta i Nesset kommune etter at store mengder snø har lagt seg over fjellet i helga. Det overraskande vêromslaget har skapt utfordringar for fleire.

Aursjøhytta i Nesset kommune.

Snøen har sett seg godt i området rundt Aursjøhytta i Nesset kommune. Så godt at gjengen frå Kristiansund og Nordmøre turistforeining framleis ikkje kjem seg heim.

Foto: Alf Inge Jenssen

Gjengen frå Kristiansund og Nordmøre turistforeining har vore på Aursjøhytta og hatt dugnad i helga. Etter planen skulle dei køyre heim søndag føremiddag, men om lag ein halv meter snø sette ein stoppar for heimreisa.

Mykje snø ved Aursjøhytta i Nesset kommune.

Snøen har dekt vegen og har gjort det vanskeleg for gjengen frå Kristiansund og Nordmøre turistforeining å kome seg heim.

Foto: Alf Inge Jenssen

– Vi køyrde oss fast kvar hundre meter. Etter tre timar måtte vi snu og køyre tilbake. Då hadde vi ikkje kome oss lenger enn 2,5 til 3 kilometer til saman, seier Alf Inge Jenssen som er ein av dei fire vêrfaste.

Dei var klar over dei dårlege vêrmeldingane, men laurdagen vart fin. Dei hadde meir dugnadsarbeid å gjere og utsette heimreisa til søndag. Vegen vart dekt med snø over natta og no sit gjengen fast.

– Det er visstnok bestilt ein brøytebil frå Sunndal som skal vere på veg. Men vi veit ikkje noko meir og er berre nøydde å vente og sjå kva som skjer, seier Jenssen.

Han fortel at dei har det bra og at dei både har straum, telefon og mat på hytta.

Bygevêr skaper utfordringar

Vinteren er komen over fjellovergangane. Har du ikkje allereie skifta til vinterdekk, bør du gjere det no, melder Statens vegvesen. Spesielt om du har planar om å køyre over fjellet.

– Er du ikkje skodd for vinterforhold anbefaler eg folk å ta bussen, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Snødekt veg i Stordal

Snødekte vegar pregar fjellovergangane i fylket. Her frå Stordal kommune på Sunnmøre. Hugs å skifte til vinterdekk om du har tenkt deg på hytta eller over ein fjellovergang.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er bygevêr i dag. Meteorologisk institutt melder om nedbør som snø over 300-600m både måndag og tysdag i Møre og Romsdal.

Statens vegvesen er førebudde på fleire utfordringar i løpet av dagen og melder at det også i låglandet kan vere vinterføre.

Mykje snø i høglandet

Ein halv meter snø på Verma i Romsdalen.

Marit Elise Brudeli melder om ein halv meter snø på Verma i Romsdalen.

Foto: Marit Elise Brudeli

På Verma i Romsdalen har det lava ned sidan laurdag kveld. Det har no samla seg til om lag ein halv meter og snøen dalar ned framleis. Det er slaps på vegen og brøytebilane går i eitt, melder Marit Elise Brudeli. Ho anbefaler alle å køyre forsiktig.

Situasjonen er den same på Overøye i Stordal på Sunnmøre. Der har Johan Arnt Overøye brøyta hyttefeltet sidan klokka seks i dag tidleg.

– Dette er det første snøfallet her og eg syns det er litt tidleg. Skal snøen bli verande frå oktober av, vert det ein veldig lang sesong, innrømmer Overøye.

Overøye trur at fleire som køyrde til hyttene sine fredag ettermiddag med sommardekk ikkje var budde på snøen som kom.

Johan Arnt Overøye

Johan Arnt Overøye har brøyta hyttefeltet på Overøye i Stordal sidan klokka seks i dag tidleg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL