Hopp til innhold

Vêret 17. mai: – Det treng ikkje bli så hakkande gale

Fryktar du kulde og striregn på 17. mai. Fortvil ikkje. For meteorologen seier no at det ikkje treng å bli så aller verst ver.

17.mai i Ålesund

Dette er frå 17. mai i Ålesund i 2014. Den gongen blei det heller ikkje så aller verst ver.

Foto: Aina Rødal / NRK

Meteorolog Trond Torsteinsson merkar godt at folk er ekstra opptekne av vêret rundt 17. mai.

Ja, du har verkeleg eit poeng der, skrattar han når NRK tek kontakt fredag morgon.

Fredag ser ut til å bli ein rett så fin dag i Møre og Romsdal. Mange stader er det sol frå skyfri himmel og temperaturane stig ut over dagen.

Det er heller ikkje så mykje vind å snakke om. De bles nordaust opp i frisk bris på kysten. Det kan gå nokre regnbyer heilt nord i fylket først på dagen. Men det ser ut til å gje seg no, seier Torsteinsson.

For 17. mai brukar meteorologane symbol både for sol, skyar og regn. Dette betyr at dei reknar med byever på nasjonaldagen.

– Ja, det blir byever. Men det mest utprega byevêret kjem sør for Stad. Vindfeltet ser så pass sørleg ut at det nok er på Sunnmøre at ein må belage seg på regnbyer. Men elles i fylket treng det ikkje bli så alt for gale.

Meteorologen seier at det uansett er lurt å ha paraplyen i bakhand, spesielt på Sunnmøre.

Det blir ikkje noko særleg vind. Det blir stort sett sønnavind, opp i frisk bris sør på Sunnmøre. Elles blir det veldig lite vind. Det blir ikkje så hakkande gale, seier Torsteinsson.

Han anslår temperaturen til å bli om lag 10 grader på 17. mai.