NRK Meny
Normal

Regjeringa redder nærbutikkane: – Det kan stoppe fråflytting

Nærbutikkane her i landet har i mange år hatt eit enormt behov for draghjelp. Regjeringa støttar små butikkar i distrikta med millionar.

Joker Eidsbygda i Rauma

Joker Eidsbygda i Rauma drøymer om eit moderne nybygg. Det kan regjeringa hjelpe til med.

Foto: Joker

Nærbutikkane i Noregs krikar og krokar har framleis eit ønskje og behov for opprusting. Mange stader er nærbutikken ein møteplass for folket, og utan butikken er det mange som hadde flytta frå bygda, meiner Ann Iren Lislien ved Joker Eidsbygda.

Stortinget har i år sett av 30 millionar kroner til tiltak som skal vere med å utvikle og betre daglegvarebutikkane i distrikta.

– Det er eit veldig positivt prosjekt som har hjelpt mange. Denne hjelpa er avgjerande – og nesten vere eller ikkje vere for nærbutikkane, meiner Lislien som driv den vesle butikken i Rauma kommune.

– Butikken er hjartet i bygda

Joker i Eidsbygda i Rauma kommune

Dagleg leiar ved Joker i Eidsbygda, Ann Iren Lislien, håper at regjeringa vil hjelpe butikken deira.

Foto: Joker

I første halvår i 2014 fekk 96 butikkar støtte til investeringar gjennom Merkur-programmet, og interessa for utvikling av distriktsbutikkane aukar. Lislien fortel at dei skal flytte butikken.

– Vi har planar om å byggje nytt, og det krev også ei enorm investering i frysarar og kjøleskap. Vi håper difor at vi får dei pengane vi treng. Då slepp vi store lån som kan setje drifta i fare, seier ho.

Nærbutikkar i små lokalsamfunn er ofte ein stad der du kan ta ein kaffi saman med sambygdingane. I Eidsbygda er uteplassen alltid full.

– Butikken betyr enormt mykje for bygda. Spesielt om sommaren. Butikken er viktig for dei som bur her, og eg trur at mange hadde flytta til andre stader viss vi ikkje hadde butikk, seier Lislien.

På Joker sine nettsider finn ein denne skildringa av butikken i Eidsbygda i Rauma:

«Butikken vår ligger vakkert til ved sjøen i sentrum av Eidsbygda, og er drevet av og for bygdefolket. Vi kan trygt si at butikken er hjertet i bygda! Her kan folk komme innom for en kaffekopp og en kakebit og slå av en prat med naboen, eller handle det de trenger av dagligvarer».

– Mange hadde nok lagt ned utan

Joker Åram i Vanylven på Sunnmøre

Joker Åram har fått pengar frå regjeringa til å ruste opp både innandørs og utandørs.

Foto: Joker

Det er ikkje berre i Eidsbygda at nærbutikken er viktig. I Vanylven på Sunnmøre ligg Joker Åram. Oddvin Harry Kragset, som driv butikken, har vore så heldig å få pengar frå regjeringa til opprusting.

– Vi har vore med på prosjektet i to år, og det har vore ei veldig positiv oppleving. Vi har blant anna fått asfaltert parkeringsplassen og kjøpt nye frysarar, seier Kragset.

– Eg trur at mange hadde lagt ned nærbutikkane utan denne hjelpa. Det hadde vore synd. Nærbutikkane er svært viktig for bygdene.

Betre tilbod til lokalsamfunnet

Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Investeringslysta er fordelt over heile landet. Hordaland toppar tilskots-lista, etterfølgt av Rogaland, Hedmark, Nordland, Møre og Romsdal og Finnmark.

– Daglegvarebutikkar er ein viktig del av infrastrukturen i distrikta. Regjeringa er glad for at små butikkar no blir rusta opp, slik at dei kan gi eit enda betre tenestetilbod til sine lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Mesteparten av pengane går til opprusting av butikkane i form av nye kjølediskar, frysarar, butikkdata eller oppussing av lokalet. Enkelte har også behov for større lokale, medan andre brukar pengane på ein kaffikrok til folket.

– Mange butikkdrivarar er viktige samfunns-entreprenørar i sine lokalsamfunn. Butikken fungerer både som bygdas møteplass og som eit servicesenter med tilbod om mange tenester utanom sal av daglegvarer, seier statsråden.