Vera Zorina vart fødd i Tyskland som Eva Brigitta Hartwig, men ho voks opp i heimbyen til mora, Kristiansund. Der

Det var som dansar Vera Zorina var mest kjend.
scenedebuterte ho på Festiviteten som ballettdansar. Men den profesjonelle debuten fekk ho i Berlin då ho var 17 år gammal. Ho tok artistnamnet Vera Zorina fordi ho måtte ha eit russisk namn for å kunne stå på scena.
Hollywood
Zorina flytta til USA etter at ein filmdirektør såg ho danse i London. I 1938 debuterte ho på lerretet i filmen "The Goldwyn Follies". Ho har seinare

Frå filmen "The Goodwyn Follies" (1938) (Foto: United Artists)
mellom anna spela mot skodespelaren og komikaren Bob Hope. Si største hovudrolle skulle ho få mot Gary Cooper i filmatiseringa av Hemmingway sin roman "Klokkene ringer for deg". Men etter eit par veker fekk ho vite at ho hadde blitt erstatta av Ingrid Bergman som nettopp var ferdig med "Casablanca" mot Humphrey Bogart.
NRK-dokumentar
Eva Brigitta Hartwig, eller Brigitta som ho ofte berre vart kalla, var ofte på besøk på Nordmøre. I tillegg arbeidde ho lenge som intruktør, og var også aktuell som operasjef i Oslo. I slutten av mai skal NRK1 sende ein dokumentarserie av Øyvind Asbjørnsen frå Ålesund. Serien handlar om norske kvinner i Hollywood. Ei av dei som vi møter der er Vera Zorina.