Hopp til innhold

Verdspremiere på "The Frost"

Fredag kveld blir filmen "The Frost" vist for publikum for første gong.

Verdspremiere på "The Frost"

VERDSPREMIERE: 'The Frost' hadde verdspremiere på Løvenvold kino fredag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Det er Frost Media som står bak filmatiseringa av Ibsens drama "Lille Eyolf".

Sjå traileren nederst i artikkelen for å få eit lite inntrykk.

- Spent

Eirik Vaage

SPENT: Produsent Eirik Vaage har arbeidd med filmen i to år, og fekk fredag sjå den for fyrste gong.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg er veldig spent, sa produsent Eirik Vaage like før verdspremieren. Klokka 18.30 fredag kveld starta filmen på Løvenvold kino i Ålesund.

Seinare fredag kveld blir den for fyrste gong vist for folk flest.

Vaage såg filmen fyrste gong tidlegare fredag, då det var visning for pressa. Han var godt nøgd med det han fekk sjå.

- Eg er ganske fornøgd. Eg har arbeidd med dette i to år, så dette blir godt, seier han.

- Litt teatralsk

Verdspremiere på The Frost

RAUD LØPAR: Dei frammøtte til verdspremiera på 'The Frost' kom til Løvenvold kino på raud løpar.

Foto: Åge André Breivik / NRK

På pressevisninga var også Frode Berg frå NRK Møre og Romsdal. Han meiner det er mykje bra i filmen, men at ikkje alt slår like godt ut.

-Den er nok litt teatralsk. Dei voldsomme scenene fungerer ikkje alltid. Det er ei historie om konflikt mellom vaksne og born, og mellom vaksne, så historia er viktig. Men spørsmålet er om dei klarer å fortelje historia, seier han etter å ha sett filmen.

Han meiner regissøren har gjort grep som gjer at ein i periodar blir dregen veldig godt inn i filmen, medan ein andre gonger fell litt av i dei rolege periodane.

- Men så startar dialogen, me kjem inn på folk, og då blir det interessant.

Lokale, nasjonale og internasjonale skodespelarar

Filmen er stort sett spelt inn på Sunnmøre. Ålesund og Giske er mellom innspelingsstadene. I tillegg er det mange lokale skodespelarar som er med i filmen, i større og mindre roller.

Og etter å ha sett filmen meiner Frode Berg at dei leverer.

- Me har lokale skodespelarar som knapt kan kallast amatørar, og så har me nokre som nesten ikkje har gjort noko skodespel før. Der er det eit skilje. Dei som ikkje har gjort så mykje før har jo veldig små roller, og det fungerer greitt nok. Dei som er profesjonelle og halvprofesjonelle gjer etter mi oppfatning ein god jobb. Den beste jobben gjer dei i dei litt lågmælte partia. Når det blir for mykje roping og skriking og effekter blir det litt utvendig. Men store delar av filmen syns eg dei gjer ein kjempejobb.

- Gler meg

Eva Mørkeset

- GLER MEG: Det sa Eva Mørkeset før premieren fredag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Eva Mørkeset er ein av dei lokale skodespelarane i filmen. Ho har også vore med i prosessen rundt filmen sidan starten, og gler seg veldig til å få sjå den på kino.

- Eg er veldig spent. Eg har sett den før, men det er alltid skremande å sjå seg sjølv på film, seier ho.

Ho trekk fram filmfotografen sitt arbeid som noko av det beste.

- Måten han har brukt kamera på er veldig flott, veldig unorsk, seier ho.

Trond Espen Seim og Astrid Overå

NASJONALE OG LOKALE: Trond Espen Seim og Astrid Overå er to av skodespelarane som er med i 'The Frost'.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Ho såg filmen også før det var lagt på lyd og musikk, for å hjelpe til med tekstinga, og seier det er veldig kjekt å no få sjå den ferdige utgava. Ho trur det unorske i filmen kan gi sjåarane eit positivt inntrykk.

- Eg håper det unorske gjer at folk tenkjer litt over det, og syns det er forfriskande, seier ho.

Reknar med blanda mottaking

Produsent Vaage reknar med filmen får ei blanda mottaking, mykje grunna at den er ein samproduksjon mellom Noreg og Spania.

- Regissøren har gjort mange formgrep som er uvanlege i norsk samanheng. Det kan slå begge vegar, meiner han.

Likevel er det ein stolt produsent som fredag ser filmen saman med eit invitert publikum.

- Eg er stolt, og veldig glad, sa han før premieren.

Video nsps_upload_2009_9_18_14_37_50_1968.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.