Hopp til innhold

Verdsmeisteren: – Uaktuelt å legge opp

Verdsmeisteren fekk ikkje gå fellesstarten søndag. Men ho er inspirert til vidare satsing og fleire medaljar etter ein berg- og dalbanesesong.

Synnøve Solemdal verdsmeister
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

I eit intervju med NRK Møre og Romsdal seier skiskyttaren frå Tingvoll at det ikkje er aktuelt for henne å legge skia og våpenet på hylla.

– Det har vore fantastiske dagar: Gull til Tiril. Gull til oss på stafetten. Og gull til gutta!

– Fredagen var som ein draum, seier 26-åringen frå Nordmøre. Ho gjekk ikkje fellesstarten søndag, då ho ikkje var kvalifisert. Dei norske kvinnene skaut seg bort.

– Er det aktuelt for deg å legge opp no?

– Nei. Men eg må jobbe hardt for å kome i betre form.

Marte Olsbø og Synnøve Solemdal i vill feiring

Vill feiring etter VM-gull på heimebane: Verdsmeistrane Marte Olsnu (t.v.) og Synnøve Solemdal.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Sjølv om ho no tok VM-gull i Homenkollen må ho vedgå at det har vore mykje som ikkje har fungert denne sesongen.

Mener fiaskorenn reddet stafettgullet

– Dårleg fysisk form

– Skytinga har vore grei, men eg har ikkje funne den gode fysiske forma. Vi må jobbe med å sjå kva som kan gjerast annleis. Men eg tenker lite på det akkurat no. No handlar det om å få til ei god sesongavslutning.

Solemdal

Skytinga har vore grei, men Synnøve Solemdal har ikkje greidd å kome i god fysisk form i VM-sesongen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Synnøve Solemdal vedgår at det var overraskande at dei skulle gå heilt til topps på stafetten:

– Det var mykje meir enn vi kunne håpe på. Eg føler meg heldig som vere med på dette. Eit VM på heimebane i Holmenkollen er utruleg stort.

– Ein del ting må endrast

Neste år er det skiskyttar-VM i Hochpilsen i Austerrike. Alt tyder på at ho satsar for fullt vidare:

– Når ting stemmer er alt bra. Men eg har ikkje fått det heilt til dei siste åra. Ein del ting må forandrast på, og då skal det bli veldig bra også neste år, seier 26-åringen frå Tingvoll som fredag tok gull på VM-stafetten.