Geiranger- Herdalområdet og Nærøyfjorden har fått plass på UNESCO si verdsarvliste. Avgjerda blei tatt under UNESCO-møtet i Durban i Sør-Afrika torsdag føremiddag.
Spenning
- Det har gått i boks, rapporterer NRK sin korrespondent i Sør-Afrika, Dag Bredvei. Det blei stilt kritiske spørsmål ved søknaden og det var spenning til siste minutt, seier han. Eit av dei kritiske spørsmåla som ble stilt galdt gruvedrifta på Røbbervika i Stranda.
Forpliktande siger
– Dette er ein stor siger, men den forpliktar også, seier fylkesordførar Jon Aasen på telefon frå Durban. For oss startar ei ny og viktig fase. No handlar det om korleis vi skal forvalte og utvikle denne prestisjefylte statusen, seier Jon Aasen.
Ekstremt og dramatisk
Geiranger – Herdalsområdet og Nærøyfjorden representerer dei mest ekstreme, dramatiske og storarta fjordlandskapa i verda. I dei faglege utgreiingane bak søknaden heiter det at området viser eksepsjonelle døme på landformasjonar laga av is og vatn. Geiranger – Herdalsområdet er eit unikt landskap med spennande geologi.
I Geiranger har flagga gått til topps, og salutten gjalla mellom fjella i Geiranger ved 12-tida i dag.