Hopp til innhold

Ulstein inngjekk kontrakt verd 800 millionar

Ulstein inngjekk i dag kontrakt med GC Rieber Shipping om levering av eitt høgkapasitets konstruksjonsfartøy, med opsjon på ytterlegare eitt skip. Kontrakten har ein samla verdi på 800 millionar kroner.

Ulstein og Rieber

FORNØGDE MED AVTALEN: Ein godt nøgd gjeng på kaia i Ulsteinvik. F.v.: Prosjektleiar i GC Rieber Shipping Terje Kvalsvik, Markeds- og prosjektdirektør i GC Rieber Finn Atle Hamre, Administrerande direktør i Ulstein Verft Karsten Sævik, Administrerande direktør i GC Rieber Irene Waage Basili og tilsetterepresentantar i Ulstein Bjarne Pettersen (Fellesforbundet) og Tone Mortensen (FLT-TF).

Foto: Pressefoto / Ulstein Group

Gunvor og Tore Ulstein

NØGDE: Syskena Gunvor og Tore Ulstein smiler når avtalen mellom Ulstein og GC Rieber Shipping blir presentert.

Foto: Pressefoto / Ulstein Group

– GC Rieber Shipping er eit solid reiarlag med lang erfaring, og vi er glade for at dei valte Ulstein til dette prosjektet.

Det seier konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, i ei pressemelding.

– Subsea er eit satsingsområde for oss og vi skal gjere vårt for at reiarlaget får eit effektivt og topp moderne offshore konstruksjonsfartøy som dei vil ha stor nytte av i åra som kjem, seier Ulstein vidare.

Tidlegare kunde – som er nøgd

GC Rieber Shipping har tidlegare bestilt båtar frå Ulstein, og administrerande direktør Irene W. Basili fortel at kvaliteten er noko av grunnen bak dagens kontrakt.

– Vi er svært nøgde med å kunne tildele denne kontrakten til eit verft i Noreg. Noreg er heilt i verdstoppen når det gjeld design og kvalitet på offshore spesialfartøy.

– Eg er trygg på at vi får eit fartøy i toppklasse frå Ulstein, seier Basili.

Karsten Sævik

LIKAR BESTILLINGA: Administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik, ser fram til å levere eit kvalitetsskip.

Foto: Ulstein Verft

Levering i 2014

Bestillinga er ein båt av designtypen SX121 (sjå bildet). Fartøyet er 130 meter langt, 25 meter breitt og kan oppnå ei fart på 14,5 knop.

Båten blir beskriven som eit høgkapasitets subsea konstruksjonsfartøy. Det er ei bestilling administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik, meiner passar godt.

– Vi har ein organisasjon som har solid kunnskap i å utvikle denne typen fartøy saman med kunden. Vi ser fram til samarbeidet med GC Rieber Shipping, og til å levere eit kvalitetsskip i samsvare med avtale.

GC Rieber Shipping har hovudsete i Bergen, og driv innan seismikk, subsea og arktiske oppdrag.

Rieber Ulstein

EIN SLIK BÅT: Slik skal båten Rieber Shipping har bestilt bli sjåandes ut ferdig i 2014. I kontrakten som blei presentert i dag er der opsjon på éin båt til.

Foto: Pressefoto