Hopp til innhold

Verdas største brønnbåt

Sølvtrans i Ålesund har bestilt verdas største brønnbåt frå Herøy-selskapet Havyard. Brønnbåten blir 116 meter lang, 23 meter brei og får plass til 7 450 kubikkmeter vatn i fisketankane. Det er meir enn dobbelt så mykje som normalt store brønnbåtar, som også skal kunne ta med seg fem tusen kubikkmeter ferskvatn. Båten har alt fått ein tiårs-kontrakt med eit oppdrettsselskap utanfor Australia.

whitsunday passage whitsunday passage
Foto: stephen gibson photohome.co.uk / freeaussiestock.com