Høyr programmet her:
Arnstein Hansens prinsefisk
At prinsefisk er den nest beste matretten i verda, har vi Arnstein Hansens ord for. Men han må vere laga av hyse!
Hyse må til!
Skjer fisken i ikkje altfor store bitar(to små er betre enn ein stor). Han må vere totalt skinn- og beinfri! Vend fiskebitane i mjøl med salt, pepar og anna krydder etter smak, ha olje eller margarin i panna og steik til det blir lett brunt. Når du har snudd fiskebitane, legg du på ein liten klatt smør og lar det småboble litt til. Bruk ein kvit saus attåt - det kan gjerne vere ein ferdigsaus som er litt nøytral i smaken. Kok potet og gulrøter til.
Du må ikkje steike fisken for lenge. Han må ikkje stå og vente på at poteten skal bli ferdig. Arnstein Hansen ventar med å steike fisken til poteten er ferdig. Set steikepanna på bordet og la folk forsyne seg!
*****
Arnstein Hansen kan også anbefale ei velsmakande
Breiflabben - ikkje noko å sjå på, men smakar herleg!
Flabbegryte
Brån smør(og med smør meiner han smør!), skjer selleri, purreløk, løk og gulrot i litt store bitar og la dei frese lett i smøret - det må ikkje brunast!
Lag ein kvit saus, så tjukk at han liknar rømmegraut. Bland inn litegrann buljongpulver, det gir ein fin smak. Skjer breiflabbfilet (må vere fast i fisken) i bitar så store som for eksempel eit telys, legg dei rå oppi sausen og la dei ligge og trekkje i ca. 20 minutt. Rør varsamt i gryta. No trekkjer det seg væske frå fisken ut i sausen og smak frå sausen inn breiflabben. Grønsakene set farge på retten og aukar nytinga!