– Det er «in» i dag å ha eit godt handverk gjennom heile prosessen, frå mottak til konsum, seier Lars Morin.
Han er dagleg leiar i Aegir seafood og jobbar mot eksklusive marknadar i Dubai. Eit rykte om eit spanande produkt har ført han til Bud i Fræna.
– Det smakar heilt fantastisk
Produktet Morin har reist til Bud for å sjå og smake på er røykelaksen frå Drågen Smoke house. Laksen er røykt på gamlemåten med einer og flis, og det over lang tid.
– Det smakar heilt fantastisk, er dommen røykelaksen får frå Lars Morin når han får prøvesmake.
Dagleg leiar, Petter Aune, har lenge tenkt på at han vil få røykelaksen ut i verdsmarknaden og til Dubai. Det er ein tanke Lars Morin er rimeleg sikker på vil bli verkelegheit.
– Dette er eit produkt for «the high market» og dei store hotella i Dubai-området.
For Aune var det ei stor overrasking at Morin var så sikker på at han ville ha fisken.
– Det var veldig positivt. Det vart litt av ein dag!
– Folk vil tilbake til det gamle
Droågen Smokehouse ligg vakkert til med Atlanterhavsvegen og storhavet rundt seg og får ein del besøk fordi dei er nemnde i Lonely Planet si reisehandbok. Røykelaksprodusenten er også invitert til å vise seg fram under ei av verdas største matmesser i Berlin no i januar.
At det er så stor interesse for røykelaksen som han lagar på oppskrifter som er fleire hundre år gamle, trur Aune seier noko om tida vi lever i
– Ja, det blir meir og meir slik i samfunnet vårt at folk går tilbake til det gamle. Ikkje berre med laks, men med mange andre ting.
Han trur også at folk har blitt meir og meir kvalitetsbevisste.
– Folk er travelt opptekne i kvardagen og når dei først set seg ned vil dei kose seg og då skal det smake.