Hopp til innhold

Ver obs på lause gjenstandar

Den kraftige vinden som bles langs heile kysten laurdag, kan føre til farlege situasjonar og lause gjenstandar som flyg gjennom lufta.

Fv 47 plantene mellom Berkvika og Mork

På fv. 47 mellom Berkvika og Mork i Volda kommune har ei stor grein losna frå eit tre.

Foto: Tipsar

Det bles kraftig langs heile kysten laurdag. På fv. 47 mellom Berkvika og Mork i Volda kommune har ei stor grein losna frå eit tre som følgje av vinden.

– Greina som har losna i den store bøken vil truleg kunne gå gjennom både frontrute og tak på ein bil dersom uhellet er ute, melder ein tipsar til NRK.

På E136 ved Skuggentunnelen dekker eit tre delar av vegbana.

Laster Twitter-innhold

Storm og regnbyer

Yr.no har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag. Frå laurdag kveld er det venta sørvest liten storm på kysten og i fjellet. Vinden vil minke på sundag føremiddag.

Det er også venta regnbyer i dag og i kveld.

– Laurdag ettermiddag og kveld vil det blåse full storm ved Stad, og liten storm på kysten av Sunnmøre, seier meteorolog Kari Bergsfjord ved Vervarslinga ved Vervarslinga for Vestlandet.

Laster Twitter-innhold

Båt dreiv mot land

To personar måtte få hjelp etter at båten dei sat i dreiv mot land ved Tyskholmen i Borgundfjorden, det melder politiet.

– Sivile personar kom raskt til staden og har fått båten på slep, fortel John Bratland, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt til NRK i 15-tida laurdag.

Dei to skal ifølgje politiet vere uskadd.

Også på Valle i Skodje vart det funnet ei kvit 13 fots Pioner jolle drivande ved Flåteholmen laurdag formiddag. Denne var tom, og politiet etterlyser eigaren av båten.