Hopp til innhold

Nysnø fører til glatte vegar

Nysnø i løpet av natta fører til glatte vegar fleire stadar i fylket.

Strandafjellet

Dette bilete blei tatt på Strandafjellet tidlegare denne veka.

Foto: Dagfinn Vågsæter

I 09.30-tida fredag morgon køyrde ein bil av vegen på fylkesveg 64 ved Korsbakken i Rauma. Det var berre ein person i bilen då ulukka skjedde.

– Bilførar hadde litt problem med å kome seg ut av bilen etter ulukka, men kom seg etter kvart ut av bilen på eigen hand, seier Jan Stavaas operasjonsleiar i politiet.

Mannen fekk behandling av ambulansepersonell på staden og blei frakta til legevakt for nærare sjekk.

– Han er tilsynelatande uskadd, men blir sendt til legevakt for sikkerheits skuld, seier Stavaas.

Glatte vegar

Det er så langt ukjent kva som var årsaka til ulukka, men ifølgje Stavaas skal det ha vore glatt på staden.

Nysnøen som har kome i løpet av natta har ført til glatte vegar fleire stadar. I morgontimane fredag melde ein innringar mellom anna om mykje snø i Batnfjorden.

Stavaas ber bilistane om å vere forsiktige i trafikken. Spesielt dei som har latt seg lure av våren og allereie har skifta til sommardekk.

– Bilistane bør vere obs på at det kan vere glatt i dag, og vi førebudd på at det kan skje fleire ulukker.

Forseinkingar i flytrafikken

I flytrafikken melder SAS at det er kraftige snøbyer langs Mørekysten. Det kan føre til forseinkingar frå Molde og Kristiansund lufthavn utover dagen, opplyser flyselskapet. Men foreløpig er det berre ein flyging frå Kristiansund til Oslo som er forsinka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL