Hopp til innhold

Ver forsiktig med dusjing i sprengkulda

Sibir-kulda som dei siste dagane har slått innover landet skaper problem fleire stadar. – Beskytt huda etter dusjing, seier hudlege.

Kvinne som dusjer

Dusjing, spesielt med såpe, vaskar vekk det naturlege feittlaget som er på huda og gjer ein meir utsett for skader. Difor er det viktig å beskytte huda når gradestokken kryp nedover.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Dusjing tørkar ut huda, det same gjer kulde. Ein skyl vekk det naturlege feittet som er i huda og den mister dermed mykje av det som beskyttar den. Då er det viktig å beskytte huda på andre måtar, seier Therese Abusland som er overlege ved hudpoliklinikken på Ålesund sjukehus.

1. mars markerer for mange starten på våren. Men ei oversikt frå Klimavakta ved Meteorologisk institutt viser at det natt til torsdag blei sett 21 nye kulderekordar i Noreg. Kulda skuldast ein kaldfront frå Sibir i Russland som skaper uvanleg låge temperaturar for årstida fleire stadar i landet.

– Ikkje dusj like før du skal ut

Kulda har den siste veka ført til stengde skitrekk og elevar som har blitt sendt heim frå skulen. Elektroniske dørlåsar har slutta å fungere og det har vore vedmangel fleire stadar i landet.

Og sprengkulda skapar ikkje minst problem for huda. Ifølgje Abusland treng ein nødvendigvis ikkje å dusje sjeldnare fordi det er kaldt. Men ho vektlegg at det er viktig å beskytte huda når gradestokken kryp nedover.

Kaldt i Folldal

REKORDKALDT: Ingen andre stader i Europa blei det målt lågare temperatur natt til torsdag enn i Folldal i Hedmark.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Ikkje dusj like før du skal på skitur. Det er også lurt å la vere å vaske ansiktet om morgonen når du skal ut i kulda. Då er det betre å smørje seg med solkrem i staden for å vaske vekk feittlaget før du går ut, seier ho.

Huda er nemleg så tynn at den ikkje held på fukt like godt når det er kaldt. Difor er det viktig å dekke huda til når ein skal ut.

– I verste fall kan det føre til forfrysingar på kinn, nase eller fingrar. Feit krem og varme klede er rådet mitt. Det er spesielt viktig å passe på barna ettersom dei er meir utsett for kulde. Ekstra ille er det for dei som har for eksempel eksem eller psoriasis frå før av.

Å unngå å bruke mykje såpe når ein dusjar er eit anna tips. Såpe bidreg nemleg til å fjerne hudas naturlege feittstoff.

Kuldekrem kan vere misvisande

Hudlegen anbefaler folk å smørje seg med feit krem omtrent ein halvtime før dei har tenkt seg ut. Men det er viktig å vere merksam på at ikkje alle hudkremar har den same nytta, seier Abusland.

– Kuldekrem kan vere misvisande. Den har mykje vatn i seg og kan fryse på huda dersom du smører den på like før du går ut. Kremar som har mykje vatn i seg kan dermed gjere meir skade enn den beskyttar.

– Feit krem om natta og litt mindre feit krem om dagen er det beste, seier ho.