Hopp til innhold

Ventetider og fristbrot aukar

Etter ei tid med nedgang i ventetidene førte sommaren til auka ventetider ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Tala for august er no klare.

Barneavdeling Ålesund

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Alle grafane for ventetida ved sjukehusa i Møre og Romsdal har ei pil som peikar oppover. Tidlegare i år var det ein reduksjon i ventetida frå 57 til 51 dagar. Men i august auka ventetida med 17 dagar samanlikna med juli.

Ei auke i ventetida i august er ikkje uvanleg. Også i august i 2016 auka ventetidene. Men auken var noko mindre i 2016 enn i 2017.

Ventetid

Ventetida har auka både for pasientar som har venta, men som til slutt fekk behandling, og for pasientane som framleis ventar i kø. Den gjennomsnittlege ventetida for dei som framleis ventar har auka med 5 dagar i august til 63 dagar.

Ventetid ferdigbehandla pasientar

Dette er ventetida for alle fagområda ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Som ein ser vender kurven bratt oppover for slutten av sommaren. Ventetida ved utgangen av august var på 68 dagar.

Foto: Helsedirektoratet

Med ei ventetid på 68 dagar er Helse Møre og Romsdal igjen eit stykke unna målsetjingane. Ifølgje styringsdokumentet for 2017 skal ventetida reduserast i forhold til situasjonen i 2016, og skal vere under 57 totalt. Måla er også spesifisert slik for desse fagområda:

  • Maksimalt 57 dagar for somatikk
  • Maksimalt 45 dagar for psykisk helsevern vaksne
  • Maksimalt 40 dagar for psykisk helsevern for barn og unge
  • Maksimalt 30 dagar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling
Ventetid somatikk

Dette er ventetida for somatikk. I utgangen av 2. tertial auka ventetida med 14 dagar.

Foto: Helsedirektoratet

Auke over tid i psykiatrien

Målkravet til gjennomsnittleg ventetid i psykiatrien er 45 dagar. Her er det imidlertid ein auke over tid. I juli var ventetida for vaksne innan psykiatrien 54 dagar. Dette auka til 67 i august og ligg no på ei ventetid på 6 dagar høgare enn i 2016.

Ventetid psykiatri

Ventetida innan vaksenpsykiatrien viser ein stigande tendens frå desember 2016 og fram til i dag.

Foto: Helsedirektoratet

Barne- og ungdomspsykiatrien

Ventetida innan barne- og ungdomspsykiatrien gjekk ned hausten 2016. Frå desember 2016 har ventetidene meir eller mindre auka, og ved slutten av august er ventetida oppe i 41 dagar igjen.

Nær raud sone

Tala kjem fram i vurderinga av kva som er risikoane for at Helse Møre og Romsdal ikkje skal nå måla sine. Og det er innan barne- og ungdomspsykiatrien at varsellampane er nærast å lyse raudt. Her er det både sannsynleg at det vil skje brot og følgjene ligg nærast det kritiske.

Desse variablane hamnar på grøne soner for lågt farenivå, gult på middels og raud sone viser kritiske forhold. Ingen forhold er i raud sone. Men både barne- og ungdomspsykiatri, reduksjon i talet på tvangsinnlagde pasientar, pasientar med tvang i døgnbehandling, sjukehusinfeksjonar og tverrfagleg spesialisert rusbehandling ligg i den delen av gul sone som ligg nærast raudt.