Ventetidene går ned

Ventetidene går ned for alle som ventar på behandling ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Innan psykisk helsevern for barn og unge gjekk ventetida ned med heile 27 dagar - frå september til oktober. Også talet på fristbrot har gått ned med 17 prosent. I statusrapporten for oktober heiter det at arbeidet med å få ned ventetidene skal halde fram, og at helseføretaket er på veg i rett retning på dette området. Helse Møre og Romsdal oppfyller likevel ikkje «den gyldne regelen» når det gjeld ventetider i barne- og ungdomspsykiatrien.

ungdomspsykiatrisk avdeling
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK