Hopp til innhold

Venter turistrekord

Håper 50 000 vil ta turisttoget mellom Åndalsnes og Dombås i sommar.

Raumabanen, Åndalsnes stasjon

REKORD: Raumabanen satser på å slå fjordåret med 30 000 reisande på turisttoget mellom Åndalsnes og Dombås.

Foto: Leif Johnny Olestad

- Vi håper vi kan sette ny rekord i år, seier Tove Sylte i NSB.

Målretta marknadsføring

I 2008 reiste 30 000 passasjerar med turisttoget på strekninga. I år håper dei at satsinga vil føre til ny rekord, og foreløpig ser teikna lovande ut.

- Det er nok mange grunner til det, seier Sylte.

NSB har jobba målretta inn mot fleire marknader både i Norge og internasjonalt.

Her kan du høyre intervjuet med Tove Sylte, som var gjest i formiddagssendinga på NRK Møre og Romsdal onsdag. Her i samtale med programleiar Gunhild Sætre:

Suksess for turisttog på Raumabanen

Unik oppleving

Sylte trur også at plasseringa av bana har betydnning for suksessen.

- Det er mange andre spennande reiselivsprodukt rundt og dei som kjem hit får enda eit nytt tilbod, seier ho.

- Raumabanen i seg sjølv er ein attraksjon med Kylling bru og vendetunellen. Den får du ikkje opplevd på ein anna måte enn med toget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL