Hopp til innhold

Over 100 ville gje pus ein ny heim

Trudde du det var vanskeleg å bli kvitt kattungar? Då må du nok tru om att. Fleire opplever telefonstorm når dei annonserer kattungane til sals.

Katteunge

Mjauuuu: Ein heilt vanleg kattung, rett nok med litt skogkatt-genar. Over hundre personar tok kontakt og ville ha ein av dei tre pusane.

Foto: Helge Nygard

Kattemor hadde fått sitt andre kull. Denne gongen blei det tre nydelege nøste. Og då dei små nøsta hadde kose seg med kattemor i 12 veker var tida komen då kattemor og kattebarn skulle skiljast frå kvarandre.

– Eg er heilt overvelda over responsen. No har folk til og med sett seg på venteliste i fall katta skal få fleire kull, seier katteeigar Helge Nygard i Ålesund.

Kattemor med kattunger

Kattemor og alle dei tre kattungane. Det ser ut som om dei kosar seg alle tre.

Foto: Helge Nygard

– Folk på venteliste

Nygard sette inn annonse på Finn.no der prisen på kvar kattunge blei sett til 600 kroner. Då hadde han allereie vore frampå med mobiltelefonen sin, så nokre enkle mobil-bilete av kattungane og kattemor blei lasta opp.

Då skjedde det: Telefonane og tekstmeldingane strøymde på. Over 100 melde seg og ville ha ein eller fleire av kattungane.

– Eg blei rett og slett nedringt. Heldigvis hadde eg fri. For eg blei sitande i telefonen og svarte på tekstmeldingar heile dagen.

Folk ringde frå heile landet. Ho som budde lengst vekk var klar til å ta fly frå Bardufoss via Tromsø til Ålesund og heimatt.

– Ho hadde sjekka flyruter og billettprisane. Og ho var også klar til å betale meir enn dei 600 kronene eg ville ha.

Slik var det med fleire. Det melde seg tre forskjellige kjøparar frå Tromsø, om lag ti frå Trondheimsområdet. Folk frå Molde og frå Otta tok kontakt.

– Dette var det andre kullet. Det første gav eg bort gratis. Men eg blei gjort merksam på at ikkje alle behandlar gratis kattar særleg godt. Når katten også har fått ein synleg pengeverdi er nok også motivasjonen til å behandle katten godt høgare, seier Helge Nygard, som ville ha 600 kroner for kvar kattunge.

Kattuger

Den eine kattungen har kome til den nye eigaren. Og snart får dei to minste også ein ny heim.

Foto: Helge Nygard

Færre kattungar akkurat no

NRK har vore i kontakt med fleire som har opplevd det same. Folk frå heile landet har teke kontakt for å få tak i kattungar. Også Dyrebeskyttelsen opplever at dei kjem i kontakt med færre kattungar enn før.

– Vi har også hatt lite kattungar inne hos oss i år enn i tidlegare år. Det er spesielt lite akkurat no, fordi det er litt seint på sesongen, seier Amalie Farstad i Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal.

Men Dyrebeskyttelsen vil ikkje vere med på å teikne eit bilete av at det er mangel på kattungar i Noreg. For dei har hendene fulle med å finne nye heimar til heimlause kattar.

– Midt på sommaren er det konstant krisetilstandar for å finne nok fosterheimar som kan ta inn kattar. Det er flest kattungar som blir fødde om sommaren. Dei som blir fødde tidleg tidleg på våren eller seint på hausten står i fare for å fryse ihjel før dei blir funne, seier Elsebeth Borgestad i Dyrebeskyttelsen.

– Sett ein pris på kattungane

Innekattar kan få løpetid heile året, medan utekattar som regel ikkje får løpetid i den aller mørkaste tida om vinteren. Som regel treng ein utekatt meir enn 12 timars dagslys før paringslysta set inn. Akkurat no er vi dermed inne i ein periode av året der det naturleg er færre kattungar enn elles.

Men om Dyrebeskyttelsen ikkje har mange kattungar inne no, så har dei desto fleire vaksne kattar i si varetekt.

– Vi har veldig mange vaksne kattar inne. Og dagleg får vi meldingar om kattar i dårleg forfatning og tilsynelatande utan eigar, seier Amalie Farstad.

Farstad vil svært gjerne gje ros til katteeigar Harald Nygard for at han sette ein pris på kattane og ikkje berre gav dei vekk.

– Prislappen gjer at dyra får ein verdi og at framtidige eigarar vil tenkje seg ekstra godt om før dei skaffar seg katt. Det er viktig at kattane kjem seg bort frå «bruk og kast-stempelet» som dei har no, seier Farstad.

Katt

Kattemor kan kanskje kome til å få eitt kull til. Om ho vil sjølv.

Foto: Helge Nygard

– Kanskje eit kull til

Akkurat dette var viktig også for Harald Nygard. Han ville ikkje selje til kven som helst. Han ville sjå kjøparane i augene, snakke med dei på ein slik måte at han var sikker på at kattungane kom til ein god heim.

– For meg var det viktig å få snakke med dei som skulle få kjøpe kattane. Eg ville også gjerne ta dei i handa.

– Er det aktuelt med fleire kull?

– Eigentleg hadde eg ikkje tenkt det. Det er ein del arbeid som følgjer med når katta skal ha ungar. Men viss ho vil sjølv så kan vi kanskje prøve ein gong til, skrattar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL