Hopp til innhold

Ventar straum av arbeidsledige

Nav Stranda førebur seg på storinnrykk etter Ekornes-nedlegginga.

NAV
Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Etter det i førre veke vart kjent at Ekornes legg ned fabrikken på Stranda , har Nav fått mange henvendingar.

Informerer tilsette samla

Det var tøft for dei tilsette å få beskjed om at leiinga i Ekornnes vil legge ned fabrikken i Stranda: - Arbeidslysta forsvann etter møtet

Onsdag orienterer Nav alle tilsette om rettane deira dersom dei vert arbeidsledige.

- Me kjem til å snakke litt om det med å vere ein arbeidssøkjar. Me kjem også til å informere litt om dagpengar, seier leiar Karoline Lied for Nav Stranda.

Nav vil helst informere dei tilsette samla, for å sleppe å ta ein og ein inn på kontoret.

74 kan verte ledige

I verste fall kan heile 74 personar verte arbeidsledige når Ekornes legg ned fabrikken på Stranda.

Toppen av arbeidsløyse siste ti åra kom i 2003, då 28 personar var utan arbeid i Stranda kommune. I 2008 var talet 15. Dermed kan det no bli ei mangedobling av arbeidsledige i kommunen.

Lied meiner at dei skal vere budde når det eventuelt skjer.

- Me har god støtte både frå fylkesleddet i Nav, som skal hjelpe oss med det store rushet i starten, seier ho.

Trur på gode alternativ

Det er usikkert om alle som står i fare for å misse jobben no kan få nye jobbar i kommunen, men Lied trur dei skal kunne finne alternativ for dei fleste.

- Men mobilitet er viktig for oss. Det kan hende folk må vere villige til å endre på yrket sitt, og kanskje også flytte ut av kommunen, seier ho.

- Er det nokon frå bedrifta som har oppsøkt dykk allereie?

- Ja, me hadde eit lite rush på fredag, då er dei jo permitterte på grunn av firedagarsveka i Ekornes. Til slutt måtte me stoppe dei fordi me treng ein heilskapleg plan for dette arbeidet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL