Hopp til innhold

Ventar stor trafikk

Mellom klokka 21 og 23 i kveld endrar Fjord1 rutene mellom Kanestraum og Halsa. Årsaka er at det er venta stor trafikk i samband med fotballkampen mellom Molde og Rosenborg. Endringane inneber og ein ekstra avgang. Farleg last blir ikkje prioritert mellom klokka 10 og 16:30 frå Halsa eller klokka 20:30 og 00:30 frå Kanestraum.

Halsa Kanestraum ferje
Foto: Roar Halten / NRK